torsdag 26. april 2007

Prinsesse-vognteppe



Har laga eit vognteppe til ei prinsesse.
Tenkte først eg skulle selge det eller gje
det bort, sidan vår eiga prinsesse som vart fødd
30. mars har fått vognteppe.
No trur eg likevel eg må sy inn namn og dato,
og gje det til vår lille frøken.
Namn er no forresten eit kapittel for seg,
førebels heiter ho Prinsessa sidan foreldrene
ikkje har bestemt noko enda.
Her er jo so mange fine namn, so eg kan godt forstå at dei har problem med å bestemme seg.

onsdag 25. april 2007

Tur vest i havet

I går var vi på den andre turen i regi av NLQ.
Denne gangen var vi 11 spreke + Gaya.
Målet for turen var
Skongenes fyr langt vest i havet.
Det var flott å gå, vindstille
fin temperatur og heller ikkje regn.
Kva meir kan ein ønske seg?




Gjett kven som var sprekast?

søndag 22. april 2007

Dear Jane


I klubben skal vi starte opp eit Dear Jane
prosjekt, og vi har kjøpt inn både bok, linjaler
og cd. Dette skal bli spennande å begynne på.
No gler eg meg!
Følg med framover, kanskje eg
får tid til å sy også?

Spisebrikker i fletteteknikk

På neste møte i klubben skal vi
lage spisebrikker i fletteteknikk.
Her er to alternativ, den grønne er
fortsatt ein ufo.
Tenkte eg skulle få sy litt idag, men så var det visst også snakk om nokre sjølvmeldingar - like pyton kvart år.
Kanskje ein skal hoppe idet og bli ferdig, og deretter kose seg ved symaskina.

fredag 20. april 2007

By-tur


I går var eg ein rask tur til Bergen.
Tok båten fram og tilbake, vi hadde då stiv kuling
med urolig hav over Stav-fjorden, skikkelige bølgjer!
Eg var så heldig å møte ei klasseveninne frå ungdomsskulen
i Bergen, så turen heimatt gjekk fort og greit i godt selskap, sjølv
om det var "ruskut å leggja utpå".
Kjøpte meg nye skinntøfler og eit småblomstret koselig stoff i by´n.

Vinter igjen!


Ja ha, så fikk vi vinter igjen.
Var det ikkje Wildenvey som skreiv "jeg velger meg april..."?
No er det rett før eg velgjer bort april, for no kjennes det
som den bare driv og erter oss. 18 C og sol ein dag, og
snø med minusgrader den neste.
Men eg har jo eit bursdagsbarn i april, så då må månaden vere på kalenderen. Det var jo bra, hadde
blitt eit kort år uten april:-)))

tirsdag 17. april 2007

Skeive linjer og buer


Her kjem bilde av løparen min laga med
skeive linjer; og skjorta til
mannjen min.
Alt kjem til nytte:-)

Fjelltur


Og så fann Laila bokja!!


Neste tur blir til Skongsnes,
i Vågsøy om ei veke.
Bli med alle som vil.

Fjelltur

I dag har vi hatt vår første fjelltur
i regi av lappeklubben.
Det har vore surt og kaldt i heile dag,
men vi var heldige og hadde ein flott tur.
Vi reiste ut til Bryggja der Eva tok imot oss
og førte oss opp på Nordenakkjen og Høgeberget.
Sola titta fram og det kom nokre få snøsletter
då vi var på toppen.

mandag 16. april 2007

Baby-born dukke



Heldig den oldemora som vann
ei baby-born dukke med klær og utstyr,
og som også har ei 14 dagar gammal
prinsesse å gje det til!
Eg som mormor kan bare gle meg:-))

søndag 15. april 2007

Quiltetreff


Primula Design ved Ingun Vaksdal
var ei av dei som hadde butikk i Askvoll.
Her var mange flotte stoff og modeller.
Ingun har ein liten trivelig butikk i
Eidsgata på Nordfjordeid.
Stikk innom, det er vel verdt eit besøk.

Quiltetreff


I dag har vi hatt ein fantastisk tur
til Askvoll. Der hadde quilteklubben
Lappetausene laga til regiontreff
for quilteglade damer frå Sogn og Fjordane.
Det var eit flott arrangement med utstilling,
mange butikkar, god mat og ikkje minst
foredrag med Trine Bakke.

lørdag 14. april 2007

Kusymrer


Må bare vise eit bilde av
berget som er fullt av
kusymrer. Det er utrulig fint
når heile fjellsida lyser gult.

Kusymre


Kusymra eller busoleie som nokon
kallar henne er eit sikkert vårteikn.

Årets første kvitveis


I dag var det ikkje vanskeleg å
finne vårteikn.
Vi var ut til havet og jobba litt
på hyttetomta, og der var det både
kvitveis, kusymre og vårkål.

Pernille


Skjærematta er selvfølgelig
best å sove på:-)
I allefall viss den i tillegg skal
brukes. Ein må jo vere i sentrum!

Pernille


Dette er Pernille.
Ho er 4 år gammal,
heilt kvit og langhåra.
For tida ligg her kvite
hårdotter overalt!
Ho går gjennom huset frå
eine teppet til det andre
- og ruller seg!!!
Børster henne fleire gonger for
dag, men likevel blir det dotter
i pelsen. Nokon som har gode råd??

torsdag 12. april 2007

Kniv-etui



Tema på quilte-møtet til Nordfjord
Lappe- og quilteklubb tysdags-kvelden,
var å lage pose til rullekniven.
Her er den, så enkelt og praktisk.

onsdag 11. april 2007

Crazyquilter


Såg det skulle vere kurs i denne teknikken
på Vestlandstreff i Bergen til hausten.
(Kurs nr 14)
Det var skikkelig kjekt å sy, så det anbefales.
Her er då min versjon av crazyquilter til jul og juli.

Frokost-besøk

Idag var eg så heldig å få frokost-besøk.
God frokost med veninner før ein går på jobb;
ein kan ikkje ha ein bedre start på dagen!
Heldige meg fikk ei nydelig lilje, Bridal Crown,
den er like nydelig som den luktar.

mandag 9. april 2007

Siste hønebilde for denne påska


Dette trur eg får bli det siste
hønebildet i denne påska.
Kanskje eg skal sy litt meir på det til neste påske, og fylle litt meir ut.

Utsikt


Og her er eit bilde tatt tidligere
i vinter. Slik er det når båra bryt.

Utsikt frå hyttetomta


Utsikt frå hyttetomta.
Næraste nabo vestover blir
Shetland!

lørdag 7. april 2007

Lester i Opal


Lestene er strikka i Opal. Dette er eit tynt mjukt ullgarn, kjøpt
på En Rød Tråd, Nordfjordeid. Vi er så heldige på Nordfjordeid
at vi har fleire handarbeidsbutikker, to som sel stoff og utstyr til
lappeteknikk, og tre andre som sel garn og hobbyartikler.

Vinter eller vår?


I dag veit eg ikkje om vi går bakover eller framover i tid.
15 cm tung nysnø. Meir vinter enn vår.

Påskelilje i vinterdrakt


Stakkars, ho trudde det var vår!

fredag 6. april 2007

Nybakt


Klede til å legge over nybakte brød/boller.
Dette er kjekt å sy og kjekt å gje i gåve, alltid
populært.

Primula


Ei lita primula som også trudde
at det var blitt vår.

Vår??


No trudde vi det var blitt vår,
og så vakna vi opp til 10 cm nysnø!
Eg hadde då plassert vinter-støvlettane
i kjellaren og bestemt at no var det skoveir.
Men dengang ei, våren er lunefull i år også:-)

Koppehandkle med påskehøne


Eit koppehandkle med høne på høyrer
med i påska.
Dette sydde vi på mars-møtet
i Nordfjord Lappe- og Quilteklubb.
Koselig og raskt arbeid.

torsdag 5. april 2007

Vognteppe


Vognteppet er sydd etter inspirasjon
frå Tove Fevang si bok Applikasjon.
Stoffa er kjøpt hos Ingun Vaksdal,
Primula Design, Nordfjordeid.
Ingun har mange flotte stoff i butikken sin
og kan anbefalast på det varmaste.

Babyteppe i ull


Vi var så heldige å bli besteforeldre
i forrige veke, og lisjenurket må jo få litt av kvart.
Dette babyteppet er strikka av
Bjørnegarn som er eit 2-tråds lanolingarn
i 100% ull. Garnet er kjøpt hos Reidun Strand
på Eid Miljø, Nordfjordeid.

onsdag 4. april 2007

Ein tidlig vårdag


Utsikt frå terassa mi ein
tidlig vårdag.

Stichery


Vi må ha med litt stichery også.
Dette er eit utdrag frå motiv på ein kaffiduk,
sydd av min manns tante for nokre år sidan.

Høne


Her kjem eit nærbilde av ei
av hønene som står i vasen.
Hugsar ikkje om dei er frå ei bok,
eller det er noko som vi har laga i
klubben:-)

Høner og ein hane


No er det påske!
Vi har roa ned, hønene saman med hanefar er
komt i vasen på bordet. Desse høyrer med kvart år.

Pynte-handkle med høner


Dette pynte-handkleet står i boka
"En lek med lapper og farger" av
Gerd Gellein Merkesdal.
Forøvrig ei trivelig bok med masse
fint i.

Påskehøner


Stablehøner frå påska 2006

God påske