torsdag 25. februar 2010

Vinterbilder




Asalea i vinduskarmen
ein vinterdag med snøfokk.

Is-orkide

Bilda er tatt av bror min ein kald vinterdag.

Eg var på hytta forrige helg, og der såg eg dei
første snøklokkene:-)))
Det blir nok vår i år og.


onsdag 3. februar 2010

Det er din dag idag...

...iallefall var det min dag igår...


eg var på medlemsmøte i quilteklubben
og eg som (nesten) aldri vinn...


...vann først 2 biter med morsomme stoff,
kjempefine til f. eks truse-poser eller handarbeids-poser


så fekk eg eit mønster med ei venninne..
og frå ei anna fekk eg dette flotte pleddet
+ fine pynteknapper med kystmotiv,
dette er sjølvsagt til hyttebruk.
Og dette sjølv om det er eit halvt år til bursdagen min!
Og tilslutt stakk eg av med hovudgevinsten:
ei flott veske til skjærebrett og anna sy-utstyr.
Verdi kr 450,00
Ein slik gevinst er heilt utanom programmet,
for til vanleg bruker det bare å vere nokre små-gevinstar.
Snakk om å ha dagen:-)
Joda, eg skulle visst ha tippa lotto igår:-)