torsdag 29. august 2013

..og vi baka


 I år skal vi ha "Drivhusmesse" under den årlege
Eidamessa som er kvart år i midten av september.
Vi skal installere oss i drivhusa til Hildenes Gartneri
med quiltetepper og alt anna som høyrer til hobbyen vår.

Da må vi og ha noko å bite i, så no har daugnadsgjengen
vore i sving og baka ca 550 natronkaker.
Desse er nydelege med smør og brunost på.....nammmm
I tilleg blir der flotte kaker og muffins.
Vi ti damene som møtte opp til dugnad hadde ein triveleg kveld,
det er alltid kjekt å komme ilag og gjere noko sammen.



tirsdag 13. august 2013

Bursdagsgaver


Eg hadde bursdag tidligere i sommer og fekk 
kjempehyggelige overrakselser, både i form av venner
som kom på besøk og flotte gaver.
Desse strikka grytelappane  med "pus Pernille" på,
er det Sølvi som har laga. Nydelige:-)


Sjå denne flotte stabelen med stoff...
Denne var kjøpt hos Siv på Lappestua, Nordfjordeid,
og eg fekk den i gave.
Herleg, akkurat mine farger.. og gjett om eg skal 
kose meg og sy noko fint av denne bunken til hausten.
Og så fekk eg fleire gavekort kjøpt hos 
Primula på Nordfjordeid.
Begge desse butikkane har et flott og stort utvalg
av nye lekre stoff, mønster og utstyr til oss sydamer.
I tillegg har dei det viktigaste av alt, dei gjer oss 
gode råd og yter ypperlig service.

mandag 5. august 2013

Omsider tilbake


Det har vore eit langt opphold frå blogginga denne sommaren.
Eg "datt" liksom ut og har gjort alt og ingenting.
Men litt sying har det nok blitt, kan ikkje parkere symaskina heilt 
sjølv om kalenderen, men ikkje veret viser sommer.
Eg tok for meg mange restestoff og skar opp i 2.5",
dette teppet er sydd i stripesett etter inspirasjon frå ein You Tube video.
Her er link: MissouriQuiltCo
Toppen er ikkje quilta enda,tenkte å leige quiltestativet til 
Primula Design og ta fleire tepper i ein gang.

Lover at det ikkje skal gå så lenge til neste oppdatering.

Ser at Lappetausa har ein flott give away, titt innom sida hennar.