fredag 29. november 2013

X-block linjal


Alle desse løperene og veggteppet er laga med
X-block linjalen.

Eg gjekk eit kurs med Siv på Lappestua, Nordfjordeid,
og vart inspirert til å bruke denne linjalen.
Den kan virkelig anbefalast, for der er utallige muligheter
og mønster til å sy mykje spennande.





 Eg har 7,5" linjalen.
Denne går det fort å sy med, men ein må tenke litt
når blokkene skal syast før skjering.

Dette veggteppet skal henge på soverommet vårt.
Fargene vart litt dårlege på bildet, men
det er laga med duse rosa, grønne, blå og gråfarger.


 .....og så har vi linselusa pus Pernille, som kjem med ein gong 
eg legg noko ned på gulvet for å ta bilde, klippe eller sette i nåler.

onsdag 6. november 2013

Nytt resteteppe

 I går kveld var der møte i Nordfjord Lappe- og Quilteklubb.
Etter å ha vist fram resteteppet mitt, 
fekk eg spørsmål om korleis det var sydd, 
og om eg kunne vise arbeidsbeskrivelse på bloggen.
Her er arbeidsbeskrivelse;
Begynn med ein bunke restestoff etter smak og behag.
Eg har kutta striper i 2,5", sy desse sammen.
Ha gjerne ei stripe med sterk farge i kvart stripesett.
Eg har  brukt inch fot på symaskina.
 I mitt teppe har eg sydd sammen 4 striper.
Her kan ein sy sammen fleire striper, alt etter kor
stor blokk ein vil ha til slutt.
 Mine striper vart  8,25 inch i bredde.
Kutt opp kvadrat, så mange du får ut av stripesettet.

 Legg to og to over kvarandre, rette mot rette og
kvar sin veg.
 Sy sammen i alle fire sider, som ein firkant.
 Ferdig sydd kvadrat.
 Legg linjalen frå hjørne til hjørne og skjær tvert over.



 Åpn opp og ein  har fått 4 nye blokker.
Stryk og skjær dei reine, slik at alle har samme størrelse.

 Så kan ein bare begynne å leike seg...
 ...og prøve å legge blokkene
 i forskjellige former
 alt etter kva ein liker.
Ei sammmensydd blokk blir ca 10-10,5 inch.
 I mitt teppe valgte eg denne forma på blokkene.

 Der ligg ein video på You Tube som
forklarer framgangsmåten. Du finn den her.
På videoen er der brukt Jelly Roll, men det går fint 
å bruke rester og gjerne gamle stoff som har lagt ei stund.









søndag 3. november 2013

Nytt klestativ


Min kjære mann har snekret nytt klestativ til oss.
Er det ikkje flott vel?