torsdag 30. oktober 2014

Disappearing Hourglass Quilt

 I klubben vår NLQ har vi stjerner som tema
no fram mot Vestlandstreff-Quiltefestivalen på Vestlandet
som vi skal vere verter for i oktober 2015.
På neste klubbmøte skal eg vise korleis vi
syr Disappearing Hourglass Quilt etter modell
Eg har sydd nokre modeller som eg håper kan vere 
til inspirasjon.
 På denne løperen er ikkje midtruta snudd,
dermed får ein ei anna stjerne.
Begge modellane skal eg forklare på tysdag,
håper mange tek med symaskin på klubbmøtet.

tirsdag 28. oktober 2014

Oppdatering siste 3 veker

 Det er lenge sidan eg har hatt innlegg på bloggen,
så det er på høg tid eg "tar meg sjølv i nakkjen" 
og forteller litt om meg og mitt.
10-12. oktober arrangerte Florø Husflidlag si Quiltegruppe
 Vestlandstreff for 2014.
Det var eit kjekt treff med mange kurs, flott utstilling,
butikker og god mat.
Eg gjekk på kurs i fargelære med Mrs.Moen laurdagen.
Det var lærerikt, og eg kjem heilt sikkert til å bruke
fargeskalaen ved seinare sy-prosjekt.


 Søndag gjekk eg på kurs med AnnaKa.
Dette var eit kurs i handsaum -Needleturn.
Kurset var bare på tre timer så det var bare det 
grunnleggande vi fekk tid til.
Veska under er AnnaKa si, og denne er sydd i Needleturn.

 Eg har då begynt å sy ny bunadsskjorte til dotter mi.
Skjorta blir sydd på 18 tråder lin og mønsterteknikken
er "krunekret" + hullsaum ++
Er begynt å innsjå at eg har tatt på meg alt for mykje 
denne hausten, så etter jul blir eg nødd til 
å prioritere strengare.

 Så hadde vi besøk av Arne & Carlos i bygda vår.
Dei holdt eit trivelig og humoristisk foredrag, 
samt selde bøkene sine.
På forssamlingshuset vårt var det "stinn brakke"
med strikkeglade damer og nokre få menn.


 Eg spurde om å få ta eit bilde av karane, og
då var det med ein gong "jamen du må no vere med og"
så defor er eg foreviga saman med Arne & Carlos.

 Sist søndag var eg på kurs med Bente Malm
i regi av klubben vår.
 Kurset var å lære å bruke Tri Recs-linjalen,
så eg sydde denne stjerna + skar ut til ein løper.

Dette var litt oppdatering frå siste 3 veker.
Lover å komme tilbake om ikkje så lenge:-)