mandag 28. mai 2007

Pinse-tur













For tida har familien besøk
frå Tyskland.
I dag har vi vore på tur
for å vise fram hytte-
tomta og litt av det vi kan
sjå langs kysten av Norge.
Her er motiv både frå
Kråkenes fyr, Kvalheim,
Hessevik ved Bryggja,
med Hornelen i
bakgrunnen
Vedvik og
Refvik, alt i
Vågsøy kommune.

At the time the family
has some visit from
Germany. We like to
show them the
west-coast of Norway.
Here are some pictures.
I hope you enjoy them.

lørdag 26. mai 2007

Prydeple


No står Prydeple-
treet i full blomst.
Treet står mellom huset vårt og
nabohuset, så begge gler vi oss
kvart år til
å sjå kor mykje treet blomstrar.
I fjor var det litt dårlig,
men i år kan vi nyte synet av
eit nydelig tre.

Posted by Picasa

"Snope"-dag på Eid







I dag har eg vore på Eid og
"snopa". Det vart både knoll-
begonia,
margerittar, stemors-
blomster og
ein oleander. No håper eg på bedre
veir, so det går an å gå ut og plante
uten å fryse ihjel.

Eg kjøpte også fritidsgarn til Garnmysteriet
som eg har meldt meg på. So no er det bare
å sette igang med strikkinga.
Måtte sjølvsagt ein tur innom Ingun på
Primula Design, og då veit vi alle kor det går;
vart eit par biter stoff og ei trådsnelle idag og.

torsdag 24. mai 2007

Vognteppe

Lille Malene kom til verda 28. april.
Ho er barnebarn til ei god veninne av meg.
Har sydd dette vognteppet til henne og
håper at det fell i smak hos både mor og
mormor.
Posted by Picasa

søndag 20. mai 2007

Fjelltur 15.05.07

Sjølv om veiret var begredelig
tysdag 15. mai, vart det likevel fjelltur.
Denne gongen gjekk turen til Veten
på sørsida av Nordfjorden.
Som vanlig letta det opp når vi er ute
og går tur, men snøbyga såg vi komme
grå og tjukk ut i fjorden.
Det var ei fantastisk utsikt frå
Veten, så eg trur turen må gjerast omatt
i betre veir.
Neste tur blir til Sethaugen på Stårheim.
Velkomen alle som vil vere med!
Posted by Picasa

fredag 18. mai 2007

Vakkert tre


No står Japansk
kirsebær-treet
i sin flottaste
prakt.

Det er blitt kjempestort med åra,
tenkte no ikkje på at treet skulle bli
so stort då vi planta det!
Posted by Picasa

17.mai 2007



I år fikk vi ein vakker 17. mai,
sol frå skyfri himmel og akkurat
passelig bunadstemperatur.
Vi fikk besøk av barnebarnet, og
ein stolt onkel trilla barnevogn i toget.
Nytt av året var to tog, synest det
var flott så eg håper det vert tradisjon i bygda.

mandag 14. mai 2007

søndag 13. mai 2007

Hagevandring



Bilder frå hagen

Her i vest har det vore
ei fin helg med sol frå nesten
skyfri himmel.
Det har ikkje vore så varmt, men når ein finn
ei lun krå er det deilig å sitje ute.

I går gjekk eg på hagevandring
i eigen hage. Vi har over 2 mål
stor tomt og det meste er
skråningar, begynner å luke i ein ende
og så gror det igjen før eg er komt rundt.
Så lenge det ser sånn nokonlunde ut
er eg fornøgd.







onsdag 9. mai 2007

Rotrening



I dag har vi hatt rotrening.
Vi er ein god vennegjeng som ror
ein femkjeiping, det er ein båt med
10 som ror + ein som styrer oss.
Det treng vi av og til, ikkje morsomt å
ende i fjøresteinane.
Vi har eit damelag og eit herrelag,
og den 19. mai stiller vi i konkurranse
på Eidsfjorden. Då skal vi ro mot lag frå
heile nordfjorden. Vi håper på vindstille,
og iallefall ikkje den berykta Os-vinden,
eller vesta-vinden, eller vind frå alle kantar
med høge bølgjer! Vi har prøvd litt av kvart.
Kanskje vi vinn i år også:-))

mandag 7. mai 2007

Babylester


Idag har eg strikka ferdig
to par baby-lester. Dattera mi har
mange veninner som er i den
produktive alderen, så no må
eg strikke lester til alle hennar
veninner som får baby.
Her er nokre til å begynne med, og desse
skal sendes i brev imorgen,
men eg må visst vere rask med
to par til!
Dette er bare moro, og eg er glad eg får
vere med og dele gleda.

søndag 6. mai 2007

fredag 4. mai 2007

Veske i mended hearts

Teknikken mended hearts
lærte vi av Mia frå Sverige.
Ho er ein inspirerande kurshaldar,
heldigvis klarte vi å kapre henne
til å holde kurs for oss igjen.
Første helga i september er satt
av for lengst!

Denne veska gav eg bort i dag
til ei veninne og arbeidskollega.
Eg trur ho vart glad for den.

tirsdag 1. mai 2007

Mai helg


No har vi vore både nordover og
vestover.
Vi var til Ålesund på søndag og
såg til barnebarnet vårt, (no har jenta
fått namn også); Elise Marie.
Stolt mormor syntest det var nydelig!
Tok meg tid til ein tur på Plantasjen
og kjøpte ein rododenron "Morgenrot",
samt to klematiser "Rouge Cardinal" og
"Ernest Markham".
Får sjå om det går bedre med desse enn
med "Ville de Lyon" som eg har planta to
ganger, men ikkje fått til.
I dag har vi då vore i hyttetomta vest i havet,
nydelig veir, vindstille og fin temperatur, så eg
heiv meg med Kystkulturlaget i
Vågsøy på ein tur til Skongsneset.