onsdag 30. januar 2008


Denne prisen fikk eg frå Mitt Fargerike
Tusen takk til deg, det var ei stor overrasking.
Det er hyggeleg at bloggen min kan vere med å
inspirere andre. Det gjer meg både audmjuk og glad.
Der er mange eg kan ha lyst å gje denne prisen vidare til,
så mange at eg greier ikkje å velje.
Eg gjev den til alle dei flotte og inspirerande bloggane eg
tittar innom, og som er med på å gjere dagen min god.

I got a very nice surprise today. Mitt Fargerike
picked me among many other bloggers who inspire
her days, to get a nice price.
Thank you. I will dedicate this price to the lovely bloggers
who give me inspiration and brighten my days.

Dear Jane




I helga hadde vi dugnad på å sy saman Dear Jane teppa.
Vi sydde mellomverk i lys blått og mørkt blått.
Hittil har vi laga to sengetepper, to veggtepper +
vi sydde mellomverk rundt fleire blokker.
Det vert ny dugnad søndag den 10. februar, då skal teppa
quiltast og det skal syast lukkekant.
Vi har mange blokker igjen, så det blir høve til å sy fleire
små tepper for den som ønskjer det.
Nokre av desse teppa skal loddast ut på regiontreffet
vårt den 30. mars.

torsdag 24. januar 2008

Dear Jane


Tida går så frykteleg fort og eg heng bak som
eit anna slips....
I allefall, det er lenge sidan eg har hatt tid å
leggje inn noko på bloggen min, men det verste er at
eg ikkje har funne tid til å titte på andre sine bloggar heller.
Fordelen er at eg har mykje kjekt å sjå fram til....:-)

Her er nokre blokker som eg har sydd til fellesprosjektet vårt.
Til helga skal vi begynne å sy saman blokkene, vi
har så mange no at det blir nok meir enn eit teppe,
kanskje eit stort og eit par små?
Målsetjinga vår var at medlemmane i klubben skulle lære nye
måtar å løyse problem på, og vi får tilbakemelding om at
det har dei gjort. Nokre blokker har vore lette å sy, andre
er sydd med tankar som ikkje egner seg på trykk, og
har vore eit par gongar nedom bossbøtta før dei vart ferdige,
men vi har i allefall lært å vere nøyaktige.
Oppdatering følger etter kvart som vi syr ihop...


søndag 13. januar 2008

Med blanke ark...


Det nye året begynte strålande for oss,
eit nytt barn vart fødd i slekta den 10. januar
og eg er då blitt grandtante igjen.
Den nybakte mora ønskjer seg vognteppe, så eg
vil lage eit med bamse på og i blå-tonar denne gangen.
Oppdatering følgjer på det...

Eg var på besøk hos kunstmålar Haugan på Bryggja for
å kjøpe maleri til min eldste bror, som hadde rund bursdag den 5 januar.
Eg falt fullstendig for dette bildet, og kjøpte det til meg sjølv!!
Det skal få henge i hytta ved havet.
Denne kunstnaren har nettopp hatt utstilling i Kulturhuset Gamlebanken
på Nordfjordeid, men eg veit ikkje om dette bildet var med der,
sannsynlegvis ikkje sidan det mangla ramme.