søndag 25. mai 2008

Båtfestivalen på Nordfjordeid




I år vart Båtfestivalen på Nordfjordeid
gjennomført i strålande solskinn.
Vi har vore med på denne festivalen i
mange år, men det har alltid regna og sjølvsagt,
kaldt og surt. I år var det nydeleg ver og flott " å leggja utpå."
To øverste bileta er av damelaget til Stårheim Rolag,
karane stiller alltid i kvit skjorte og vest.
Og jo da, det vart seier i år og:-))




torsdag 15. mai 2008

Gran Canaria





Ja ha, så lot eg hyttebygging vere hyttebygging
og reiste til Tauro-dalen på Gran Canaria.
I 12 dagar no har eg kosa meg med barnebarnet,
dotter og "svigerson", samt mor til svigersonen.
Bileta er frå Amadores-stranda, ein sjarmerande
by som heiter Mogan og korleis rundkøyringane
ser ut på Gran Canaria.
Temperaturen låg på nydelige 27-30 C,herleg
å spise frukost på terrassen når målaren viser nesten 24 C.



torsdag 1. mai 2008

Havblikk


I dag har vi hatt ein flott tur til
Skongsnes Fyr.
I bakgrunnen ser vi Stadt med Vestkapp-platået,
det er sjeldan at havet er så stille som det var idag.

Overalt blomstrar kusymra, dessverre fekk eg
ikkje fram riktig farge på dette biletet.


Ellers held vi på med innspurten på hytta
så eg er litt fråverande på bloggen for tida,
men eg lover å komme sterkare tilbake.