torsdag 27. mars 2014

Stjerner til klubben


Vi har fått ei utfordring frå klubben om å sy 
stjerner i svart/kvitt.
Kva desse skal brukes til kjem fram etterkvart:-)
Vi er så godt igang med å arrangere
quiltetreff i vår, så tipset er vel eit eller anna slags
 treff til neste år også.

Status for Quiltetreffet på Nordfjordeid er no 
over 120 påmelde ivrige sydamer og 6 butikker.

tirsdag 18. mars 2014

HIPP HURRA

over 100 påmeldte til 
QUILTETREFF I OPERAHUSET NORDFJORD
den 6.april 2014

Vi var spente når vi sende ut påmeldingar
til quiltetreffet om der var interesse for eit slikt
arrangement.
Gjett om vi er fornøgde; over 100 ivrige quiltere
har meldt seg på.
Vi skal ha eit spennande foredrag med Kari Rindal Eide
frå Gloppen Lappeklubb.
6 butikker vil tilby alt vi treng av stoff og tilbehør,
der blir ei flott utstilling,
middag, kaker, kaffe og lotteri med skikkelig basarstemninng.
Vi gler oss:-)


Har du gløymt å melde deg på,
legg inn ein kommentar så ordner vi det meste:-)

mandag 10. mars 2014

Quiltetreff i Operahuset Nordfjord

Nordfjord Lappe- og Quilteklubb skal arrangere 
QUILTETREFF 
i OPERAHUSET NORDFJORD DEN 6.april 2014.

Det blir flott utstilling av quiltearbeid,
foredrag med Kari Rindal Eide frå Sandane,
middag, kaker, kaffi, lotteri og åresalg.

Det er nokre år sidan det sist vart arrangert 
Quiltetreff i Sogn og Fjordane, så vi håper
det er mange som tek turen i år.

HER kjem du til Operahuset og innbydelsen
 
 
VELKOMMEN