onsdag 23. april 2014

Påska 2014

 Vi har hatt ei draumepåske.
Når skjærtorsdag var over kom sola.
Denne duken har eg sydd ved hjelp av X-block
linjalen. Duken passer fint til frokostbordet på hytta.

 Påskedagane brukte vi til å gå fjellturar.
Her er utsikt frå Børahornet mellom 
Raudeberg og Vedvik, med utsikt over Refviksanden.
 Bildet nederst viser Stadthavet, Stadthalvøya oppe til høgre.
Flotte farger og heilt flatt hav.

mandag 7. april 2014

Regiontreff

 Så har vi gjennomført Quiltetreffet for denne gang
og det gjekk strålande.
Det blei ei flott utstilling, mange gjester og 6 butikker
som vi kunne boltre oss i.

 Her har vi dekka til nesten 140 middagsgjester-
joda påmeldingane strøymde på så vi kom opp i 137 til slutt.
Men Operahuset på Nordfjordeid er stort så det er ingen problemer med plass.
Vi fekk servert rømmegrøt, spekemat og alt tilbehør.
Etterpå ca 50 heimelaga festkaker.

 Her er iallefall nokre bilder frå utstillinga,
eg veit ikkje kven som er eigar av alle teppene,
men alle kunne ta bilder.

Alt dette er gevinster på bok-lotteriet vårt.
Som de ser hadde vi denne gangen også eit Dear Jane veggteppe.
Dette vart sydd for eit par år sidan, 
da medlemmane i klubben hadde som prosjekt å sy blokker.
Men desverre, eg vann ingenting.
-
Så, neste prosjekt i klubben er Låvemesse i Leivdalen
første helga i september. Her er det bare å brette opp ermane:-)