søndag 26. juli 2009

Tur til Vulu-dalen


Tur i Vulu-dalen på Strynefjellet.
Ein starter ved Øyberg seter, går langs elva oppover
og ca 8 km innover fjellet.
Der ligg Vulu-vatnet, fint fiskevatn der det visst
skal vere passeleg store fisker i.
Sjølv om det ikkje var nokon som beit på vår fiskekrok!


Nydelege fjellblomster.


Denne herremannen med briller på,
holdt eit frykteleg spetakkel og
meint av vi skulle pelle oss der ifrå,
vi forstyrra visst familien hans.
Ja, ja kvar syte for seg og sine.

torsdag 16. juli 2009

Poser til så mangt

Det blir ikkje gjort så mykje handarbeid
no i sommar, men eg har sydd nokre poser
til "alt mulig" bruk.
Desse tenker eg å bruke til gåver og bursdagsbarnet
i morgen skal få en, så får vi bare håpe den fell i smak.







torsdag 2. juli 2009

Rotur i Austerled


Den årlege roturen gjekk i år
innover Nordfjorden.
Vi er ein god gjeng som bruker båt og fjord til sosialt samhald.
Båten er ein femkjeiping, dvs at 10 ror + ein styrmann.
Første kvelden overnatta vi i telt og lavvo ved Øksenelvane
kraftstasjon. Ikkje alle kan ro så nokon frakter bagasje og utstyr
i motorbåt. Der er ein god del av det slaget når 17 stk
skal på tur med soveposer, telt, mat og klær.



Snakk om å vere heldig med veret når denne turen var
planlagt for eit halvt år sidan.


Flate marker og høge fjell. Mellom der går fjorden.
Eit underleg landskap.
Løypestrengen stod klar til å sende varene oppover
fjellsida til gardane høgt der oppe.
Dette er på sørsida av Nordfjorden på veg innover
til Gloppen.
Der ligg fleire små gardsbruk av det slaget "der
ingen kunne tru at nokon kunne bu"


Turen endte på Rygg i Gloppen og eg kan underskrive
på at Nordfjorden er laaaang når ein tek årane fatt,
sjølv om eg på denne turen var styrmann.


Kveldsstemning ved Gloppenfjorden.


På retur søndag morgen. Denne gang med motor.
Like flott den dagen også.


Tilbake igjen ved havet og solnedgang kl 23.10
Kan det bli bedre?

St. Hans


I år vart Jonsokafta (som vi kallar St.Hans for på
Vestlandet) feira i et nydelig sommarver.
Bålet er tent på sanden nedanfor hytta vår.



Så har vi pynta treet....
heldigvis er det enno ei stund til jul.