onsdag 31. desember 2014

Godt Nytt År


I bygda vår er det tradisjon å gå "julebukk"
på nyttårsafta, og i kveld har vi hatt besøk av fleire
små bukker. 
For nokre år sidan gjekk mange voksne også julebukk,
men det har minka i den seinare tid.
Her er det barnebarna som er kledd ut og skal ut på tur.
(Jammen fann vi masker på loftet frå den tid våre barn var små!)
For Elise Marie og Nikolai var dette spennande og nytt, 
då dei ikkje har denne tradisjonen i deira bygd.  
Godt nytt år:-)

 

tirsdag 30. desember 2014

Bunadssaum







Denne hausten har eg holdt på med saum av 
Nordfjordbunad.
Eg syr bunad til barnebarnet Elise Marie og ny
skjorte og liv til dotter mi Belinda.
Å sy krunekret på 18-tråder lin har vore ei
utfordring fordi eg rett og slett ikkje har sett trådane,
når eg skal telle 2 tråder bort og 4 tråder opp!
Saumen er mykje mindre enn kva ein får inntrykk av på bildet.
Alt er sydd for hand og banda til bunaden har eg også vevd.
Eg er ikkje ferdig enda, så det gjenstår ein del arbeid
 med blant anna montering og mykje meir brodering på skjorta.

onsdag 24. desember 2014

God Jul

Med dette bildet frå Julenissebesøket
julafta 2013, vil eg ønske alle
ei riktig GOD JUL

tirsdag 16. desember 2014

Julegåver




Så vart eg ferdig med nokre julegåver.
Tida har ikkje strekt til denne hausten sidan eg 
også held på med bunadssaum.
 

søndag 14. desember 2014

Tur til Wien og Bratislava

 Min mann og eg var på førjulstur til Wien, Østerrike 
og Bratislava i Slovakia no i månedsskiftet nov/des.
Her er frå Belvedere Slott og Museum,
der det blant mange store kunstnarar også hang
bilder av Edvard Munch.
Ei oppleveing å gå gjennom romma ikkje bare for å sjå kunst,
men sjå romma frå storhetstida til Østerrike-Ungarn.

Ein ting kan dei i Østerrike, og det er å pynte til jul!
Der var lys, julekuler og dekorasjoner overalt.
Dette er frå Christkindlmarkt ved Rådhuset i Wien
Der var boder overalt med julekuler, punch, glüwein.
pølser, kjøtt, trearbeid ++-
 



 Nedanfor er eit bilde frå Hundervasserhaus.
Arkitekten tenkte seg tilbake til naturen,
så der er ingenting som er beint eller i vater i bygget,
hverken gulv eller vegger.
Der veks også tre innvendig i byggetsom veks ut vindauga.



 Besøk på ein heilt tilfeldig julepynta kafe.


Ved frokostsalen voks det palmer, bogenivilla og andre
sydhavstre inne i hallen, i midten står min mann.
Litt av noen dimensjoner i denne hallen.

 
Nåre ein først er i Wien, høyrer det med å gå på 
konsert. Her er Kursalon Wien, der eg var på konsert og
fekk høyre og sjå opera, balett og nydelige 
musikkstykker frå Strauss og Bethoven.
"An der Schönen Blauen Donau" blir jo ekstra fin,
når ein høyrer den i sitt rette element.