mandag 28. juli 2008

Fantastisk helg



Vi har hatt ei fantastisk helg på hytta.
Strålande sol, oppunder 30 C varme som
er sjeldan på kysten-


-og bading når det nærmar seg midnatt.


Dette var utsikta mi frå hytta måndags morgen.
En polsk fullriggar Dar Mlodziezy som deltar
www.tallshipsrace.no ,
låg i ro rett utafor stoveglaset mitt.
Vakkert:-)))

onsdag 23. juli 2008

Laurdag 19.juli






Den 19. juli hadde eg rund bursdag.
Denne feira eg saman med familien og
dei næraste vennane våre.
Eg hadde invitert til at vi skulle gå tur
til Skongsnes Fyr om dagen, og grille ved
hytta om kvelden. Planane måtte endrast då
vermeldinga på torsdag sa store nedbørsmengder!
Det vart likevel fint ver denne dagen, men turen over
fjellet til fyret håper eg vi kan gå ein annan gong.
For meg vart dagen fin og minnerik.

Eg ønskte meg nytt fotoapparat, og tanken
er å gå kurs til hausten og lære å ta bilder
skikkeleg.

fredag 11. juli 2008

Kåpe til prinsessa vår



Denne kåpa har eg strikka til barnebarnet.
Det har tatt litt tid, for senebetennelsen i armen
har vore lei denne gangen.
Heldigvis var kåpa godt stor, slik at ho kan
bruke den til hausten.
Mønsteret fikk eg frå Blåbertua
Igjen tusen takk.