lørdag 15. november 2014

Vår i November?


I staden for snø og frost som er vanleg i November,
så står Primulaen og blomstrer i hagen.
Dette bildet er tatt i dag 15.november.

tirsdag 11. november 2014

Adventslotteri


Bygdekvinnelaget som eg er medlem av,
er ansvarleg for julegrantenninga her i bygda første
søndag i advent.
Då har vi også kafe og lotteri.
Så no har eg sydd madrass, pute og dyne til dukkesenga
+ ein bordløper.
Der er også mange flittige og dyktige damer som strikker 
kle til dukka, så eg tenker ho skal få mykje fint til
ho skal ut i verda og møte sin nye eigar.