lørdag 16. august 2008
mandag 11. august 2008
Glimt frå hytta innvendig
Denne senga stod bortgøymt i eit vedskjul.
Den er laga av onkelen til mi svigermor
(svigermor er 85 år).
Vi (les: min kjære mann) har slipt (og slipt...og slipt),
og lakka/beisa den igjen.
Senga var innsett med linolje eller noko liknande
som var umulig å få skikkelig av, derfor tok vi den
fargen som var nærast originalen og lakka den oppatt.
Senga er bare 175 cm lang så madrass måtte spesial-bestillast.
Åkleet er vevd av mor mi på 1970- talet.
Endeleg fekk eg bruke det sånn som det var tenkt.
Dette biletet hang i min barndomsheim.
Som de forstår var far min fiskar.
Bilde og interiør er kjøpt hos Primula på Nordfjordeid.
Eg har pussa opp igjen både kommodar og
senger. Denne kommoden var opprinneleg i teak,
deretter kvit med rosa skuffer då dottera var lita jente.
No vart den riktig så fin i heil-kvitt.
Gardinene på soveromma var ei utfordring,
men synest i grunnen dette vart praktisk og fint.
Vindauga er så fine at eg kan ikkje gøyme dei
under gardiner.
Ved havet må vi ha det maritimt.
Eg hadde ei borde med flygande gjess etter
eit anna prosjekt, sett saman slik med applikerte måsar,
vart det eit fint lite bilete.
søndag 3. august 2008
Tall ships races
Tall ships races med lille Måløy som hovudhamn,
har vore som eit eventyr denne helga.
Gatene har vore fulle av folk, og med
underhaldning nesten på kvart gatehjørne.
Dette er nærbilete av båten "vår", den som
låg utanfor hytta i fleire dagar.
Det er litt størrelse på båtane når ein kjem nær.
har vore som eit eventyr denne helga.
Gatene har vore fulle av folk, og med
underhaldning nesten på kvart gatehjørne.
Dette er nærbilete av båten "vår", den som
låg utanfor hytta i fleire dagar.
Det er litt størrelse på båtane når ein kjem nær.
mandag 28. juli 2008
Fantastisk helg
-og bading når det nærmar seg midnatt.
Dette var utsikta mi frå hytta måndags morgen.
En polsk fullriggar Dar Mlodziezy som deltar
på www.tallshipsrace.no ,
låg i ro rett utafor stoveglaset mitt.
Vakkert:-)))
onsdag 23. juli 2008
Laurdag 19.juli
Den 19. juli hadde eg rund bursdag.
Denne feira eg saman med familien og
dei næraste vennane våre.
Eg hadde invitert til at vi skulle gå tur
til Skongsnes Fyr om dagen, og grille ved
hytta om kvelden. Planane måtte endrast då
vermeldinga på torsdag sa store nedbørsmengder!
Det vart likevel fint ver denne dagen, men turen over
fjellet til fyret håper eg vi kan gå ein annan gong.
For meg vart dagen fin og minnerik.
er å gå kurs til hausten og lære å ta bilder
skikkeleg.
fredag 11. juli 2008
Kåpe til prinsessa vår
Denne kåpa har eg strikka til barnebarnet.
Det har tatt litt tid, for senebetennelsen i armen
har vore lei denne gangen.
Heldigvis var kåpa godt stor, slik at ho kan
bruke den til hausten.
Mønsteret fikk eg frå Blåbertua
Igjen tusen takk.
fredag 13. juni 2008
Vognteppe til Joakim
Dette vognteppet er til Joakim, fødd
for nesten 2 mnd sidan.
Det vart sterkt i fargane, men
mor likte det så da er alt ok:-)
torsdag 5. juni 2008
Klassefest
I helga var den gamle klassa mi frå barneskulen,
samla til klassefest og jubileumsfeiring.
Alle har rund bursdag i år:-)
Vi møtast kvart femte år og har
ein trivelig dag saman.
I år møtte 21 av 28 mulige.
Vi starta med lunch ved hytta mi,
og deretter fotballkamp på sanden.
Eit bad vart det og når eine duskedama
stakk av med ballen!
(Duskedamer må vere med på fotballkamp,
sidan vi har klassekamerat som bur "over there")
og vi hadde det trivelig langt ut i dei små timer
like strålande blide som kvelden før:-))
Eg helsar til alle og takker for ein fin dag:-))
søndag 25. mai 2008
Båtfestivalen på Nordfjordeid
I år vart Båtfestivalen på Nordfjordeid
gjennomført i strålande solskinn.
Vi har vore med på denne festivalen i
mange år, men det har alltid regna og sjølvsagt,
kaldt og surt. I år var det nydeleg ver og flott " å leggja utpå."
To øverste bileta er av damelaget til Stårheim Rolag,
karane stiller alltid i kvit skjorte og vest.
Og jo da, det vart seier i år og:-))
To øverste bileta er av damelaget til Stårheim Rolag,
karane stiller alltid i kvit skjorte og vest.
Og jo da, det vart seier i år og:-))
torsdag 15. mai 2008
Gran Canaria


Ja ha, så lot eg hyttebygging vere hyttebygging
og reiste til Tauro-dalen på Gran Canaria.
I 12 dagar no har eg kosa meg med barnebarnet,
dotter og "svigerson", samt mor til svigersonen.
Bileta er frå Amadores-stranda, ein sjarmerande
by som heiter Mogan og korleis rundkøyringane
ser ut på Gran Canaria.
Temperaturen låg på nydelige 27-30 C,herleg
å spise frukost på terrassen når målaren viser nesten 24 C.
og reiste til Tauro-dalen på Gran Canaria.
I 12 dagar no har eg kosa meg med barnebarnet,
dotter og "svigerson", samt mor til svigersonen.
Bileta er frå Amadores-stranda, ein sjarmerande
by som heiter Mogan og korleis rundkøyringane
ser ut på Gran Canaria.
Temperaturen låg på nydelige 27-30 C,herleg
å spise frukost på terrassen når målaren viser nesten 24 C.
Abonner på:
Innlegg (Atom)




