mandag 4. mai 2009

Votter og vår

Ein kollega av meg på jobb har kjøpt desse vottane.
Dei er strikka i alpakka-ull og kjentes heilt nydelig på.
Sjå kor detaljrike dei er, her er det verkelig snakk
om tålmodighetsarbeid.




Eg kan ikkje dy meg, men må legge inn nokre hagebilder også.
TT, det ser ut som vi får kirsebær i år og......



Ved hytta blomstrar kusymra i rikt monn,


og denne nordiske orkideen veks vilt ute ved kysten.

mandag 27. april 2009

Jentetreff på hytta


Denne helga har eg hatt besøk av
klasseveninner frå barneskulen.
Vi var 6 veninner som fann tid til å møtes
på hytta mi fredag kveld.
Laurdag gjekk vi på tur til Skongsnes Fyr.
Sjå kor heldige vi var - strålande sol,
varmt og med ein liten bris.
Tusen takk for ei flott helg:-)

tirsdag 14. april 2009

Fotokurs

Eg har begynt på fotokurs!
I fjor fekk eg nytt digitalt speilreflekskamera i gåve,
men kva alt betyr og korleis det skal brukast
er nærast gresk for meg.
Eg har vore på ein kurskveld og alt
er fortsatt særdeles uklart!
Iallefall har eg tatt nokre bilder no i påska,

dette er motiv frå eit lite tjønn som ligg på fjellet
bak hytta. Fjellet er vel 300 m høgt og på
bildet ser ein stor havet i bakgrunnen.


No rundar sola Kråkenes og går i hav.
Slik kan vi sjå sola frå hytta når der er fine kvelder,
heilt fram til midten av september.


I gamle dager var der gjerder og grinder
i utmarka høgt til fjells.

Det er ganske imponerande murar som står igjen
frå eldre tider, denne var heilt rett. Ingen stein stakk framom.


Kusymra er koma. Ganske flott når
heile bergsida er gul.

Denne måsen hadde sett folk før!
Eg kom ganske nær før eg tok bildet,
slik at fuglen kom i fokus og bakgrunnen vart meir diffus.

Denne Bjørkefinken heldt konsert for oss i toppen av furua.
Vakkert!

fredag 3. april 2009

God påske


Denne buketten gjekk forbi mens eg heldt på
å ta bilder. Nydeleg:-)))
Som de ser har vi vår på Vestlandet.
Her er sol og 15 C i skuggen.

Med desse bilda tatt idag 3. april kl 17.15
vil eg ønske alle ei riktig GOD PÅSKE






tirsdag 24. mars 2009

Endelig tilbake på nettet


Endelig virker dataen igjen:-)
Eg har ikkje komt meg inn på bloggen min på
lange tider, slik at det har vore dårleg med
oppdateringar i det siste.
Iallefall, eg har lagd to velkommen veggbilder,
eit til dottera og eit til hytta.
Desse er laga etter eit mønster av Anne Beier Finnestad.
Mønsteret stod i Quiltemagasinet nr 2/06.

mandag 9. mars 2009

Ny kurshelg


Denne helga har eg vore på kurs med
Patricia Iden.
Det var eit kjekt kurs som begynte fredag kl 18.00
og slutta søndag kl 17.00.
Vi skulle lage sybok. Denne skal romme alt vi treng
når vi skal på kurs eller møter.
Den er ganske omfattande og består av 16 sider,
der alle sidene har ein funksjon.



Denne lommen skal romme ei lita skjærematte.
Patricia viste oss ei lita matte som kunne
vendast rundt. Kjempesmart!



Ned i desse lommane skal der sakse-etui.
Dei og skal lagast i Japansk brette-teknikk og
festast med magnetknappar.
Eg skal legge innpå fleire bilder av detaljer
etter kvart som eg blir ferdig med sidene,
akkurat no har døgnet for få timer og vekene manglar
nokre dagar!

søndag 22. februar 2009

Kurshelg

Så har eg hatt ei trivelig helg på kurs
med Anne Beier Finnestad.
Ho er kjend for å bruke stoppefoten til sine arbeid.
Ho har også utgitt desse bøkene.
Dette kurset var moro og inspirerande,
og no er plutselig ikkje stoppefoten så farleg lenger.
Løparen med fuglane er fiks ferdig!
Tenk å bli ferdig med eit kurs arbeid same helga,
det trur eg er første gang.




Denne posen kalte Anne for "truse-pose",
kjekk og rask å lage.
Eg har igjen å sy på lukkekanten og hempe,
slik at den kan henge på badet.
Tenkte barnebarnet kunne få denne til
f. eks hårstrikk og slike pynteting.









torsdag 19. februar 2009

Snømannteppe


Sånn omtrent er det snømannsteppet skal
sjå ut når blokkene er sydd saman.
Der er fleire rader utanpå dette, så teppet
blir stort viss ein følgjer mønstera.
Dette er Ingun på Primula sitt teppe.
Det er også ho som har mønstra.

lørdag 14. februar 2009

Snowman collector




Da var eg ferdig med ei blokk til i teppet
Snowman Collector.
Det viser seg at der skal vere 12 blokker,
og eg har no fått tak i mønster til alle blokkene.
Er der nokon der ute i blogg-verda som
har laga teppet, eller sett det ferdig?

tirsdag 10. februar 2009

søndag 8. februar 2009

Vinterstemning ved havet





Eg var på hytta i helga og tok nokre bilder.
Slik kan også storhavet sjå ut ein vinterdag i februar.
(klikk på bilda for stort format)

søndag 1. februar 2009

5 første Dear Jane



No er eg i gang:-)
Til regiontreffet som klubben vår arrangerte
i 2008, sydde medlemmane Dear Jane teppe.
Etter det har eg hatt lyst til å sy mitt eige teppe.
Eg har tenkt å sy det av rester, men med
lys bakgrunn. Satser på at eg held nokolunde stilen
slik at det blir bra når det eingong blir sydd saman.