onsdag 27. januar 2010

Kurs med Pelse

Kurshelg med Pelse Asboe fra Danmark.
Kjekt og inspirerande kurs med en meget dyktig
og trivelig lærer. Å gå på kurs med Pelse
kan anbefales på det varmaste.
Vi lærte alt frå å sy på majonestuber, til å
lage dusker og snorer.



Her er Pelse igang med å vise oss korleis vi
lager dusker. Det var gjort på 1-2-3,
men klue er jo å komme på det og vite åssen
ting kan gjerast.


Sjå så lekkert. Dette er sydd av ei tube majones!

Nydelige arbeid.



Sjå så masse lekker tråd ho hadde med seg.
Gjett om vi snopa.
Og så er ho komt ut med ny bok.
Løp og kjøp!


For den som hadde problem med symaskina
eller skulle ha trådar med forskjellig spenning,
er der ingen problem.
Pelse fikser det meste med ein plastgaffel

eller ei sikkerhetsnål.
Som sagt; eit kurs med Pelse er lærerikt:-))

onsdag 20. januar 2010

Vinterbilder


Og så vart det kaldt igjen!
Her er nokre bilder frå denne jula,
Elise Marie er på besøk hos mormor og morfar
og går på ski i 10 minusgrader.


Og det snør på Sunnmøre.
Sjeldan der er så mykje snø på
øyane heilt ut i havgapet.




Elise Marie og mammaen har laga flott akebakke.



Hytta ved havet i ein blå-time.


torsdag 7. januar 2010

Strikke-etui og anna knask



No var eg lei av å leite gjennom alle strikkepinnane
for å finne den riktige.
I nyttårshelga sydde eg meg eit strikke-etui som
har plass til alle pinnane + rundpinner og
hekle/hakke nåler.
Dette er ferdig 36 x 92 cm og har dermed også
plass til lange pinner.


Denne sydde eg som julegåve til ein arbeidskollega.
Dette er by-veska til AnnA-Ka.


Ein pose høyrer med når en først er komt i sving
inne på sy-rommet. Denne kan f. eks brukast til sko.


Denne løparen er fin no i denne kalde tida.
Sjå kor lekkert dette vinter- stoffet er.


mandag 21. desember 2009

Juletrehenting


I juletreskogen siste søndag før jul.
Desse trea var nok i største laget.
Dette er på fjellet heilt ut mot havet og det er
svært sjelden der er så pass med snø.


Lille frøken Amanda fikk sitt eget lille juletre

og vi andre fann og nokre fine furer.

Med desse bilda i vinterlandskap vil
eg ønske alle ei riktig God Jul

fredag 18. desember 2009

Tepper til barne-barna


Da var teppa til Elise Marie og
Amalie Kristine ferdige.
Håper dei fell i smak til to småfrøkener:-)

lørdag 12. desember 2009

Advent

Enkel adventsløper, den vart fin på spisestuebordet.



Vi har hatt juleavslutning i Quilteklubben,
denne gangen såg matbordet slik ut.
Nydelige smørbrød, salater og
den flotte marsipankaka.



Desse er sydd av svigerinna mi,
lekker kombinasjon og
så fint kan brunt, orange og blått bli.
(dessverre litt uklart bilde)

søndag 29. november 2009

Julegrantenning i bygda


For første gang skulle bygdekvinnelaget
arrangere Julegrantenning med påfølgjande
førjulskafe og basar i ungdomshuset.
Her er ein del av medlemmane i laget,
som de ser, ein trivelig gjeng:-)))



Gjett om det vart suksess!
Her er en del av lokalet, og
køa for kaffi, gløgg, lefser, natronkaker, sveler
og platekaker, rakk heilt bak til døra.
Neste år skal vi benytte ferdig opp-pussa
lokaler i første høgda.

Barnekoret sjarmerte med julesanger

og musikken spilte flott ute i kulden.

Med slik oppslutning frå bygda,
tar vi nok på oss arrangementet neste år og:-)

(Ps. bilda har eg lånt frå starheimsbygda.no
eg fikk aldri tid til å ta bilder sjølv)

onsdag 25. november 2009

Julekaker

Så var vi ferdige med julebaksten for i år:-))))
Vi møttes 3 veninner på hytta mi og bakte
6 sorter julekaker.
Effektivt og sosialt, vi bakte alt på ein dag og
da var det tid igjen til god mat og godt drikke om kvelden.
Dette må bare bli ein tradisjon.

Tradisjonen tro vart lefsene baka på ein laurdag
saman med svigerinna mi,



og flatbrøda ein kveld i kjellaren hos ei av
mine julekakeveninner.

Då var eg ferdig med mine 7 sorter:-)

fredag 13. november 2009

Løpere



Nytt kurs; en dags kurs med Randi Røys,
medlem i Nordfjord Lappe- og Quilteklubb
Ei kreativ dame som komponerer mønster sjølv.
Løperen nedanfor er orginalen.



Denne kan brukes både til jul og når ein har lyst
til å pynte med rødt.
Klikk på bildet for forstørring, nydeleg stoff
det lyse med gullmønster.
Det er kjøpt hos Lappestua på Nordfjordeid.


Dobbeltsidig jul/advent.

onsdag 4. november 2009

Oppdatering oktober

Oktober kom og gjekk uten eit pust i bakken.
Det vart ein månad med stor sorg då ein nær venn av
oss gjekk bort så altfor tidlig, men og med
lyspunkt som besøk av barnebarnet.

Denne veska sydde eg på eit kurs med Marit
frå Bernina, arrangert av Ingun i Primula på Nordfjordeid.
Kjekt kurs der vi lærte mange nye triks med symaskina vår.



Vi i bygdekvinnelaget hadde flatbrødbaking
som tema ein kveld.
Vi har tatt over julegran tenninga i bygda,
så no skal her bakast både lefser, natronkaker
og anna til basaren som vi skal arrangere,
når grana skal tennast den 28. nov.




Og så var det besøk av barnebarnet.
Eplet er plukka i hagen hos mormor og besten.
Såg ikkje dette godt ut vel??


Nokre bilder frå Vestlandstreffet på Stord.
Svigerinna mi og eg var der bare for
å titte og få inspirasjon.


Veggbilda/løparane til Birte Lee Tveit
er alltid inspirerande.
Vi skal ha kurs med henne i oktober neste år,
og gler oss allereie.


Denne maskina var litt finurleg.
Ein la nedpå stoffet og kunne bare rulle det
gjennom, dermed hadde en f. eks mange ferdige
hjerter, strimler eller kva ein måtte ønske.
Denne hadde vore fin å ha i klubben, og bruke
når vi har kurs.




Bilder blott til inspirasjon.