søndag 18. november 2007

Dear Jane


Denne veka har det blitt lite tid til blogging
då barnebarnet har vore på besøk , og
dessutan har skjermen på datamaskina svikta meg.
Så snart som eg har slått den på, har den gått i svart,
men nå virker den igjen for ei lita stund.....forstå det
den som kan! I allefall konklusjonen er at mor bør få
ny flatskjerm til dataen til jul:-)

Her er fellesprosjektet vårt Dear Jane, det består no
av vel 80 blokker, og eg reknar med at det kjem fleire
på desember-møtet. Planen er å sy tepper som skal brukast
til utlodding på regionstreffet 30. mars (mrk. datoen) neste år.


No er vi snart ferdige med hytte-taket.
Der er lagt dråpeforma skifer, det er ein kjempejobb
som brødrene mine har gjort på kveldstid og nokre
laurdagar. Dyktige karar!

3 kommentarer:

Elin sa...

Kjekt med oppdatering både på DJ og hytte. Noko spesielt som skal skje på desembermøtet?

Tiril sol sa...

På desember møtet skal vi sy julestrømpe, det blir det tradisjonelle julebordet og masse gevinstar frå butikkane våre til lotteriet.
Kvar skal og ta med ei lita julegåve til ca 20 kr, vi skal bytte gåver.
Det var eit impulsivt forslag frå medlemmane:-)

Anonym sa...

Fin blogg, ser ut som et morsomt fellesprosjekt hos dere:-)