torsdag 24. januar 2008

Dear Jane


Tida går så frykteleg fort og eg heng bak som
eit anna slips....
I allefall, det er lenge sidan eg har hatt tid å
leggje inn noko på bloggen min, men det verste er at
eg ikkje har funne tid til å titte på andre sine bloggar heller.
Fordelen er at eg har mykje kjekt å sjå fram til....:-)

Her er nokre blokker som eg har sydd til fellesprosjektet vårt.
Til helga skal vi begynne å sy saman blokkene, vi
har så mange no at det blir nok meir enn eit teppe,
kanskje eit stort og eit par små?
Målsetjinga vår var at medlemmane i klubben skulle lære nye
måtar å løyse problem på, og vi får tilbakemelding om at
det har dei gjort. Nokre blokker har vore lette å sy, andre
er sydd med tankar som ikkje egner seg på trykk, og
har vore eit par gongar nedom bossbøtta før dei vart ferdige,
men vi har i allefall lært å vere nøyaktige.
Oppdatering følger etter kvart som vi syr ihop...


3 kommentarer:

ELIN - "The quilt maiden" sa...

Kjekt å sjå livsteikn frå Myrolde. Begynte å lure på kva de styrer på med...Ser du har teke dei vanskelegaste blokkene sjølv, og takk for det..hehe. No ser eg fram til sysamanhelga i februar, eg saknar dokke!

MITT FARGERIKE sa...

Fine blokker til utloddinga dere lagar. Har gjett deg ein pris du finn den på sida mi. Ha ein fin kveld.

Anni sa...

Ser ud til at være noget af et projekt med fællestæppe, blokkene ser fin ud og i gode farver, i min quiltegruppe har vi syet et stort logotæppe, hyggeligt med et sådan samarbejde.