onsdag 27. februar 2008

By-tur






Eg har vore ein tur i Oslo by.
Der fikk eg sjå sola:-) Den er fråverande på Vestlandet for tida.
På måndag var der eit nydeleg vårvêr, og eg rusla
opp Karl Johan på jakt etter Katrines Quilte Stue.
Bak slottet fann eg butikken, og det var som å komme inn i våren.
Eg fikk lov å ta bilder i butikken, samt å gå inn i kurs-rommet og
titte på arbeidet der, sjølv om der var undervisning på gang.
Tusen takk for hyggeleg mottaking. Eg kjem nok igjen.

(PS! Bilda er tatt med mobiltelefon, derfor litt uklare.)

Litt handel vart det også,
eit stichery-mønster og nokre
nydelege vår stoff.


5 kommentarer:

Anonym sa...

Jøje meg for nokre flotte bilete, tenk sånne flotte stoff! Den butikken skal eg innom når eg berre kjem meg til Oslo ein gong!

Two sa...

Å heldige du som fekk både i pose og sekk (sol og stoff), eia var vi der!!

Elin sa...

Det er berre utruleg kva som finst i den butikken. Eg har vore der 2 gonger, men ikkje handla så mykje. Må vere tru mot lokale butikkar....hm! Dei andre stoffbutikkane i Oslo sentrum er ikkje noko særleg. Kathrine kan vel ha slikt kjempelager med det befolkningsgrunnlaget der er i hovudstaden.

pip sa...

Ser ud til at være en flot butik du har besøgt, altid spændende at få købt så fine nye stoffer som du har, så er det jo lige om du ved hvad de skal bruges til, eller er det til lageret.God weekend

STRIKKEMOR(O) sa...

Å, det såg kjekt ut med eit besøk i Kathrines Quiltestue. Eg har ikkje vore der enno, men det blir vel ein gong...Sikkert vanskeleg å velje blant alt det fine der!