torsdag 4. desember 2008

Mat-tradisjoner


Sylteflesk høyrer jula til, og det har Sissel
og eg laga før jul i fleire år.
Av eit halvt grisehovud og ei tynnribbe får
eg 2 brødformer med sylteflesk.
Det vart vellukka i år også:-))



Ein ny mat-tradisjon er vasskringler.
Desse er mjuke og kjempegode.
Desse er Ingrid sin spesialitet og i år
var eg så heldig å få vere med og bake.
Ca: 190 kringler vart laga på ein føremiddag!
Eg har fått spørsmål om oppskrifta så her kjem den:
1,5 til 2 kg mjøl
150 gr smelta smør
1 l melk
0,5 l vatn
150 gr sukker
1 ts salt
2 pk gjær

Elt alt til ei god fast deig - hev godt.
Trill ut kringler og la dei heve ei stund til.
Bruk ikkje mjøl på bordet når du triller ut.
Steik dei gylne midt i ovnen 225 C
Kok opp vatn som du dypper kringlene i rett
etter steiking. Legg på rist til dei er tørre.
Smaker himmelsk med bare smør på eller litt ost.

2 kommentarer:

Husflidstausa sa...

Så flink du er å ta vare på julas mattradisjer. Lefser, flatbrød, sylteflesk og vasskringler. Du har ikkje tenkt på å lage leverpostei også vel? Det er jo òg ein juletradisjon. Vasskringlene såg nydelige ut, er det mogleg å få oppskrift trur du? Eg har baka lefser idag, for første gong!!!!!!!!! Det gjekk fint.

Halling jenta sa...

Kjempeflinke du :-) Vannkringlene må eg nok prøve og lage, ja. Dei såg kjempegode ut :-)