onsdag 26. mai 2010

Shetland


Vi har vore en tur til Shetland.
Sidan eg er frå vest-kysten av Norge og far min var
fiskar, høyrde vi mykje om Shetland i barndommen.
No tenkte vi det kunne vere moro å oppleve noko anna
enn dei typiske turistmåla.
Shetland består av over 100 øyer, 15 av dei er bebodde.
Der bor 23000 menneske og av dei bur 7000 i Lerwick by.
Der fins ikkje tre/skog på øyene, så husa blir fortsatt
den dag i dag oppvarma med torv.
Bildet over er frå St. Ninian`s Isle.
(klikk på bildet, det er kjempefint)
Denne øya er kjent for fuglefjell, då der er stupbratt
rundt heile øya. I bratta der hekker alle sortar kystfugler
+ der kryr av kaniner. Kaniner er overalt sidan
der ikkje finnast rovdyr på øyene.


Eksemplar av arten Havhest


... og dette er en annen havhest;
Dore Holm på nord-øst sida av Main Land.


Dette er Eshaness - fantastiske klippeformasjoner.
(..og flink fotograf; min bror)


Og så møtte vi på eit Shetlandsk brudepar.
Shetland høyrer til Skottland,
sidan ein norsk konge ikkje hadde råd til å
betale medgift til dottera si, og dermed gav øyene
til brudgomen som gåve.



Park i Lerwick.
Alt var strøkent, reint og ikkje eit
rusk i gatene eller på fortaua!


Utsikt over litt av Lerwick by.
Alt er jo bygd i stein for tre fins jo ikkje.

2 kommentarer:

Elin sa...

Dette måtte vere ei flott oppleving. Og så heldige som de var med veret! Takk for synet!

STRIKKEMOR(O) sa...

Kjekt å sjå bilder frå Shetland. Sikkert ein fin og annleis ferietur!