søndag 11. mars 2012

Kjempekurs med AnnaKa

Denne helga har Nordfjord Lappe- og Quilteklubb
hatt kurs med AnnaKa.
Det er første gangen eg har vært på kurs med henne,
og det vart ei toppers helg:-))
Vi lærte å lage sminkeskrin og toalettvesker
på heilt nye måter.
Tenk at det kan gjerast så enkelt, og bli så bra.
På toppen brukte eg ein liten UFO i Meshwork,
som eg hadde lagd etter et kurs med
Mia frå SverigeKoblingfor fleire år siden.
Det dukka (som sagt i eit tidligare innlegg) opp
en del uferdige saker etter siste rydding, og no
var jo denne midt i blinken.



Eg har da lagd den ferdig -også med speil i
topp-lokket.

Denne toalettveska vart laga på en helt ny måte,
og gjett om her skal bli produsert fleire,
for dette var moro:-)


Og her er AnnaKa - utruleg dyktig kursholder...
Vi lærte mange nye tips, teknikker.. you name it!!

Og her er noko av det som kursdeltakarane
produserte denne helga.
Mønsteret er i utgangspunktet den samme,
men alle toalettmappene og sminkeskrina
blei totalt forskjellige.

7 kommentarer:

Elin sa...

Veldig mykje fint de har laga! Eg har vore på kurs med denne dama for eit par år sidan, og veit at ho er dyktig! Det var vel venteliste, tenkjer eg?

TIRIL SOL sa...

Alle som meldte seg på fekk gå på kurset, dvs. vi passerte 20!
Ho hadde ikkje begrensingar, men sjølv om vi var så mange vart det ikkje noko stress, avslappa og roleg kurs.

Elin sa...

Ja både Ann og Hanne er veldig avslappa kursholdarar! Dei fekk selskap på flyet til Oslo.

Ruth sa...

Her var det mye fin, dere har vært flittig og utnytta helga maksimalt. Ha en fin syuke videre. :-))

Bente sa...

Så flott sminkeskrin og toalettmappe.
Heilt sikkert kjempekjekt å gå på kurs med AnnAKa, det kunne eg verkeleg tenkt meg.

Husflidstausa sa...

Masse fint dokke har laga. Jammen har de vore produktive. Synd eg ikkje kom meg avgårde, hadde gleda meg til dette kurset...

Anonym sa...

Flotte saker! Såg mamma sin runde toalettmappe:-) bra du oppdratt gutane so dei veit kva dei skal kjøpe i USA;-)

Stor klem Sunniva