torsdag 17. oktober 2013

Gamle strikkemønster

I bladet LEVLANDLIG nr 06/113 er der ein reporasje 
om lesernes fineste strikkekofter.
Når eg opna bladet såg eg jakka som mor
 mi brukte i mange år.
Ho døydde i 1987, då eg var i 20-åra, så det var rart,
morsomt og samtidig vemodig
 å sjå igjen denne jakka etter så mange år.
Men, historia slutter ikkje der.
Søndag var eg innom mi svigerinne Ingebjørg,
ho holdt på å rydde og snu om i stova si og
hadde tatt fram mange gamle strikkemønster
som ho hadde tenkt å kaste, sidan ho sjølv ikkje har
mulighet til å strikke lenger.
Mange av desse mønstrene var frå mi mor,
blant anna jakka som mi mor hadde.
Denne mønstra stod i Norsk Ukeblad nr 38/1962.

 
Sjå alle desse gamle mønstrera.
Flotte jakker og gensere som nå er begynt å bli "in" igjen.
Mange av desse var strikka av  mor mi til oss barna.
 
Og her er yndlingsgenseren min.
Den blå hadde eg i fleire år til den blei for liten,
men min var med høg hals.
Jakka nedanfor hadde eg også i min barndom.
Alt er desverre kasta etter oppryddinga i barndomsheimen min.


Der var også oppskrifter på strikka duker.
Desse tenkte eg niesa mi Sunniva skal få,
viss ho vil ha dei.
Kikk innom bloggen hennar,
ung jente og imponerande flink med handarbeid.


3 kommentarer:

tiny sa...

It is a beautiful pattern, and it is indeed sad and beautiful to see again. Are you going to knit it?? Beautiful old patternns has saved your sister, do not throw away, the blue sweater os also very nice. Nice weekend Tiny

Sunniva sa...

Jaaa, eg vil gjerne ha dei! :D Eg fekk nåken med mamma sist eg var heime, og det er spennande å strikke dei! Kjekt at du tok vare på dei gamle strikkemønstera på jakker, det er veldig in igjen no :-)

Stor klem!

kjersti m sa...

Har slike fra min mor og min tante. Gjemmer de som skatter :-)