søndag 8. februar 2009

Vinterstemning ved havet





Eg var på hytta i helga og tok nokre bilder.
Slik kan også storhavet sjå ut ein vinterdag i februar.
(klikk på bilda for stort format)

søndag 1. februar 2009

5 første Dear Jane



No er eg i gang:-)
Til regiontreffet som klubben vår arrangerte
i 2008, sydde medlemmane Dear Jane teppe.
Etter det har eg hatt lyst til å sy mitt eige teppe.
Eg har tenkt å sy det av rester, men med
lys bakgrunn. Satser på at eg held nokolunde stilen
slik at det blir bra når det eingong blir sydd saman.





tirsdag 27. januar 2009

Gamle mønster



Eg har fått låne ei kasse med gamle mønster.
Mange av dei har eg kopiert, men enkelte
var papiret så sprøtt på, at eg torde ikkje
gjere noko med dei.
Ein del brukte eg strykejernet på slik at
dei vart så glatte at mønsteret kom fram skikkelig.




På enkelte stod namn og årstalet 1922!!


Enkelte mønster var også teikna på noko
som var midt mellom papir og stoff, kjentes
nesten ut som ein tynn voksduk.
Dette "stoffet" stod det årstalet 1922 på.



Tusen takk til eigar for at eg fekk låne
og kopiere opp denne skatten:-))

onsdag 21. januar 2009

Eg har fått to flotte awarder frå eling.wordpress.com
Tusen takk Elin. Det er alltid kjekt når nokon synes det er
inspirerande å titte på bloggen min.
Desse utmerkingane skal gjevast vidare, og eg vel å
gje dei til alle dei flotte bloggane som eg koser meg med
i seine kveldsstunder.


Regler for denne awarden er:
1. Vinneren kan kopiere denne logogen til hans/hennes side.
2. Lag en link til han/henne du fikk awarden fra.
3. Nominer minst 7 andre blogger.
4. Lag linker til disse bloggene på bloggen din.
5. Legg igjen beskjed på bloggene til de nominerte.




“Denne bloggen investerer i og tror på NÆRHET- nærhet i rom, tid og forhold!
Disse bloggerne er usedvanlig sjarmerende og søte,
og formålet er å finne og å være venner.
De er ikke opptatt av utmerkelser og selvhevdelse.
Vårt håp er at når båndene på disse utmerkelser er kuttet,
vil enda flere vennskap ha forplantet seg.
Vær vennlig å gi litt ekstra oppmerksomhet til disse!
Gi denne utmerkelsen til åtte bloggere, som igjen må velge seg åtte nye.
Inkluder denne teksten på utmerkelsen deres”.



lørdag 3. januar 2009

Mange blokker små









Eg har då meldt meg på ein blogg som
heiter mange blokker små

Eg har ein draum om å sy eit Dear Jane teppe,
og då trengs det mange blokker små og det trengs tid!
Før eg begynner på eit slikt prosjekt
kan eg kanskje få gjort ferdig dette teppet som eg begynte
på for nokre år! sidan.
5 blokker er ferdige, mens 3 er på vent.
Eit teppe med 8 blokker, høyrest no verkeleg
overkommeleg ut.

fredag 2. januar 2009

Nytt år - nye muligheter



No er eg frisk igjen (nesten):-))
Dette var den jula då influensaen
slo meg heilt ut.
Eg reiste på hytta etter jobb lisjejulafta-
satt i kyrkja om kvelden og høyrde på flott
julekonsert, mens eg kjende korleis influensen
kom snikande. I alle fall det vart ei roleg jul under dyna.


Eg har da klart å gjere ferdig ein juleløper i
delt nier-blokk og ei brødkurv-brikke.

mandag 22. desember 2008

GOD JUL


I 28 år har vi feira jul heime, gjerne saman
med mine svigerforeldre, og ifjor hadde vi
besøk av barnebarn, svigerbarn og svigermor.
I år skal familien for første gang vere oppdelt,
så derfor reiser vi på hytta og feirer jula der.

Med denne blide nissefamilien
vil eg ønskje alle ei riktig GOD JUL


lørdag 20. desember 2008

Poser til pepperkakeformer





Desse er fine til pepperkakeformer, te-lys,
saker og ting eller.....
Kanskje det blir julegåver?




onsdag 17. desember 2008

Julebakst




Dette er siste julebaksten min for i år.
No har eg laga krumkaker og risboller, så da tenkjer
eg det for holde med kaker for denne gang.
Krumkakene lager eg etter ei gammal oppskrift
og er som følger:

  • 2 egg
  • 125 g sukker
  • 125 g smør/el margarin
  • 125 g hvetemel
  • 125 g petetmel
  • 1 dl vatn
  • 1 ts revet appelsinskall
Sukker og smør røres kvitt, tilsett eit egg om gangen
saman med dei andre ingrediensane.


Eg har fått spørsmål om oppskrifta på julepølsene
som eg viste i eit tidligare innlegg.
Eg har no kjøpt meg ny oppskriftsbok, og har som
mål etter jul å skrive dei oppskriftene som eg bruker
over i denne. Resten kaster eg, ingen vits i å samle
på masse som aldri blir brukt.
Her kjem iallefall den originale oppskrifta på Julepølser;
  • 1,0 kg storfe kjøtt (sort 2 / 14 %)
  • 1,0 kg svinekjøtt (sort 2 / 23%)
  • 3,5 kg storfe kjøtt ( sort 3 / 21%)
  • 0,5 kg spekk (småflesk)
  • 21 gr pepper
  • 6 gr ingefær
  • 3 gr nellik
  • 180 gr salt
til bindfarse brukes; 400 gr potetmel og 2 l vatn
Mal alt ein gong, og bland i krydder, potetmel og vatn.
La det gjerne stå til dagen etter før du lager pølsene.
Pølsene kan gjerne henge kaldt ein dag eller to før du frys dei,
men det er ikkje noko must.
Dampast i ca 45 min.
Stikk hull på dei med ei stoppenål,
så unngår ein at dei sprekk så lett.


lørdag 13. desember 2008

Julestrømpe og andre småting



På siste bygdekvinnemøte lærte vi filting.
Dette var jo kjempeenkelt og morsomt.
Opp i ei pepperkakeform la vi ull som vi stakk
nedi med ei filte nål. Under hadde vi ein svamp, slik
at vi ikkje skulle stikke ned i bordet.
På denne måten vart ulla tova ihop og vi kunne ta bort
forma og løyse hjertet frå svampen, så var det klart.
Eg har sydd på litt perler og figurer, for alle
desse småtinga skal/er sendt til ei lita
tulle på Mørekysten.


torsdag 11. desember 2008

Julepølser

Her er juleførebuingane i full gang.
I går kveld lagde Ingrid, Inger Lise og eg
pølser + sprut bakkels.
Dette var "vi tager hvad vi haver", så i pølsene
er der både storfe, svin og hjorte kjøtt.
Pølsene skal henge kjølig eit par dager, og så
er dei klar for bruk. Eg har dampa ei i dag,
og den smakte kjempegodt.


Eg brukte ei gamal oppskrift frå mor mi til
sprut bakkelsen, så desse vart skikkelig sprø.
Sprut bakkels:
4 egg
0,5 kg sukker
0,5 kg smør el. margarin
0,5 kg mjøl
0,5 kg potetmjøl
2 ts bakepulver
2 ts vaniljesukker

Rør smør og sukker kvitt. Tilsett eit egg av gangen.
Rør inn resten til ei fast fin deig. Sett i kjøleskapet
til neste dag. Steikast på 200 C i ca. 6-7 min.

søndag 7. desember 2008

Haust-teppe


Eg veit eg er litt treig, men no er iallefall
haust-teppet ferdig.
Det får henge i gangen ei lita stund til eg
bytter til eit teppe i julefargar siste helga før jul.
Teppet er laga i bargello og består av gamle
stoff som eg hadde i skuffene mine, + eit nytt som eg
fikk av mi kjære svigerinne når ho kom frå Madrid.
Tenk at eg fikk brukt noko gammalt, då kan eg med
godt samvit kjøpe nytt:-))