søndag 29. juli 2007

Silkebandbroderi

Posted by Picasa

Forrige kvelden inviterte ei veninne til
kurs i silkebandbroderi.
Dette første arbeidet må sjåast på som ei prøve,
men eg synest det vart no litt søtt.
Kanskje eg kan montere det på noko til barnebarnet?

An other evening a friend invite me for
a course in silk band embroidery.
This had to be a test, but I think it was
a little bit sweet too.
Perhaps I can use it in something for my grandchild?

lørdag 28. juli 2007

Batalden



Den årlege turen for rolaget gjekk i år til
Batalden ved Florø. Vi er ein god vennegjeng
som har det moro ilag og 18 stk var med på denne
turen. Vi hadde 3 fine dagar med roturar, fisking,
fjellturar og god mat.

We are some friends that travel once a year
with a row- boat. This time the journey
went to Batalden by Florø. For 3 days
we had a good time together.




Tørkestativ på Fanøy. Dette datt eg pladask for.

This is how the clothes been drying in Fanøy,
a small island by Florø. Very nice!


Et gammelt kjøkken- handkle som
hang i gamlehuset på Batalden.

A old kitchen-towel which is
handmade.

onsdag 18. juli 2007

Solnedgang/Sunset


Sol i hav, sett frå hyttetomta
den 16.07.07 kl 23.15

Sunset in the sea. View from the
cottage-site 16.07.07 at 11.15 pm.

torsdag 5. juli 2007

Maritimt veggteppe i log cabin




For tida er det lite tid til blogging.
Mens østlandet regnar vekk, har vi eit nydelig
sommarveir, så etter jobb vert hyttebygging prioritert.
Eg sydde eit veggteppe i log cabin for nokre år sidan,
og dette skal få henge på hytta når den blir ferdig.
Her er også nokre detaljbilder frå midtpartiet i blokka.

At the time it isn`t occasion to do some blogging.
While it`s raining and raining in the eastern Norway,
we have a lovely summer here in west.
This log cabin wall-hanging I made
a few years ago, and I am going to use it in my
new cottage, which we now are building.
Here are some details from the log cabin blocks.









mandag 25. juni 2007

Cruise-skip


I dag har Olden i Nordfjord hatt besøk av eit av
verdas største cruise-skip, Grand Princess.
Ombord var der 3700 personar.
Eg tok eit bilete då det passerte her
lenger ute i Nordfjorden.

Today one of the greatest cruise-ship
in the world has visit Olden in Nordfjord.
On board there was 3700 people.



torsdag 21. juni 2007

Sommarløper


For tida har vi nydelig sommer-veir her i
Nordfjord.
Denne løparen lagde eg ifjor etter mønster
frå boka "En lek med lapper og farger" av
Gerd Gellein Merkesdal.
Dette er ei bok som er heilt etter min smak,
med oppskrifter både på quiltearbeid
og enkle matretter.

At the time we have a lovely weather
here in Nordfjord.
This table-cloth I made last year, after
a pattern from a book of Gerd G. Merkesdal.
This is a nice book, just as I like it.

mandag 18. juni 2007

Giske


No har eg vore i barnedåp til mitt barnebarn
Elise Marie på Giske.
Vi hadde ei nydelig helg, der eg utanom barnedåpen
fikk med meg både Giske-spelet og konsert med Helene Bøksle.
Dette biletet er tatt utanfor inngangen til kafèen på Giske.

This week-end I have visit my dauther and her family.
Our grandchild Elise Marie has been christened.
This picture is from a small cafè in Giske.


tirsdag 12. juni 2007

Garnmysteriet


Her er mitt bidrag til Garnmysteriet.
Resultatet vart ei handarbeidskurv.
Eg brukte ein del restegarn, og ser
no at ikkje alt garnet gjekk å tove.
Synest det var kjekt å vere med,
og melder meg nok på ein annen gang og.

This is my contribution to the
"Knitting-mystery"
It became a basket for knittings.


lørdag 9. juni 2007

Blåtur/ Surprise journey







I dag har vi vore på blåtur!
Turen gjekk til ei øy på Sunnmørs-kysten,
Sandsøya.
Vi var 27 damer frå NLQ som starta friskt
frå Nordfjordeid idag tidlig.
Det var ein kjempetur og all ære til dei 4 damene,
frå yste Sunnmøre som hadde laga til opplegget for oss.
Der var både foredrag,full middag,
guida tur og kyrkjekonsert.
Kyrkja var frå 1800 talet, med ei flott altertavle
og innredning heilt tilbake til 1400 talet.

Today we have enjoyed the trip of the year!
It was a surpise journey, and no one knew
where we were going.
The journey today went to a island
of the coast of Sunnmøre. (West-Norway)
Among other things, we enjoy a consert in a nice
old church from the 1800 century and with
some furniture from the 1400 century.
It was a lovely trip, which we enjoyed very much.

Sommeravslutning/Summer-conclusion




På tysdag hadde Nordfjord Lappe- og Quilteklubb
sommer-avslutning i Jektehola på Nordfjordeid.
Jektehola er idag ein idyllisk plass ved elva med
griller, steinbord og -benker.
Rundt forrige århundreskifte og fram til 1. verdenskrig
var det militær eksersisplass på Eid, då brukte
vaskekonene Jektehola til å vaske
og skylle militærklea i elva. Vi kan vel ikkje
forestille oss for ein tung jobb det måtte vere.
Når vi tenkjer på historia, høver det godt
å henge tepper på snorer i Jektehola.

Tuesday was the summer- conclusion day for
our club "Nordfjord Lappe- og Quilteklubb".
We came together in a place called
"Jektehola". It is a place where
the women washed the clothes from the military
in the river. This happends before 1. world war.
No it´s a lovely place where we can relaxe.

mandag 4. juni 2007

Utfordring/Challenge









Før helga vart eg utfordra av @tone
til å sjå nye ting i nærmiljøet mitt.
Gjett om eg har titta rundt meg i
nokre dagar no! Har sett etter fine
kumlokk og andre nære ting.
Kumlokka her i distriktet er ikkje
mykje å skryte av, kjedelige som fy,
men det har eg jo heller ikkje sett før:-)
Når eg no er i gang med utfordringar,
tek eg sjansen på å skrive litt på engelsk.
Engelsken min er vel sånn cirka til husbruk,
men den som intet våger....
Det vart i alle fall mange bilder av nærområdet
på søndag, så her kjem eit lite utvalg.

Eg sender utfordringa om å sjå nærmiljøet med nye auger,
vidare til Juliann, Tina og Toja.

Just before the weekend I was challenged
to look around in the neighbourhood and
just notice something new.
It was interesting, and I took some new
photos from my vicinity.
I will also try to write a little in English,
and I hope you will understand a little bit:-)

fredag 1. juni 2007

Utfordring



Posted by Picasa
I dag har eg fått to kjekke utfordringar.
Mallemor ber meg fortelle om yndlings-parafymen
min og @tone utfordrar meg til å sjå meg rundt i
nærmiljøet, og det skal eg gjere i helga.

I det eine vindauget på badet mitt, har eg mange fine
parafymeflasker. Desse har eg fått i gave, kjøpt i
utlandet eller fått av min kjære mann.
Det er bare å innrømme at alle har ikkje falt
like godt i smak, men flaskene er iallefall fine og egnar
seg godt til pynt.
Den som eg brukar for tida er ein
parfum de toilette, er fransk og heiter
air de... Cabochard.
Den er ikkje noko sterk, duftar behagelig,
men ikkje søtt. Trur faktisk vi kjøpte den i Paris.

Eg lar parafyme-utfordringa gå vidare til Lappetausa,
grethekristin og Liv-Toril


mandag 28. mai 2007

Pinse-tur













For tida har familien besøk
frå Tyskland.
I dag har vi vore på tur
for å vise fram hytte-
tomta og litt av det vi kan
sjå langs kysten av Norge.
Her er motiv både frå
Kråkenes fyr, Kvalheim,
Hessevik ved Bryggja,
med Hornelen i
bakgrunnen
Vedvik og
Refvik, alt i
Vågsøy kommune.

At the time the family
has some visit from
Germany. We like to
show them the
west-coast of Norway.
Here are some pictures.
I hope you enjoy them.

lørdag 26. mai 2007

Prydeple


No står Prydeple-
treet i full blomst.
Treet står mellom huset vårt og
nabohuset, så begge gler vi oss
kvart år til
å sjå kor mykje treet blomstrar.
I fjor var det litt dårlig,
men i år kan vi nyte synet av
eit nydelig tre.

Posted by Picasa

"Snope"-dag på Eid







I dag har eg vore på Eid og
"snopa". Det vart både knoll-
begonia,
margerittar, stemors-
blomster og
ein oleander. No håper eg på bedre
veir, so det går an å gå ut og plante
uten å fryse ihjel.

Eg kjøpte også fritidsgarn til Garnmysteriet
som eg har meldt meg på. So no er det bare
å sette igang med strikkinga.
Måtte sjølvsagt ein tur innom Ingun på
Primula Design, og då veit vi alle kor det går;
vart eit par biter stoff og ei trådsnelle idag og.

torsdag 24. mai 2007

Vognteppe

Lille Malene kom til verda 28. april.
Ho er barnebarn til ei god veninne av meg.
Har sydd dette vognteppet til henne og
håper at det fell i smak hos både mor og
mormor.
Posted by Picasa