tirsdag 30. september 2008

Ufo-er


For tida har eg mange uferdige prosjekt.
Dette er fra et kurs som vi hadde i klubben første
helga i september.
Kursleder var Hilde Framnes Neset, ei trivelig dame.
Denne teknikken heter Fix Ferdig og er etter ide fra
boka Kreative Lappeideer av Lise Bergene.
Eg har igjen å quilte og sy desse sammen til en løper,
men tror kanskje at eg må lage noen ruter til....





Dobbeltsidig Week-end er fra samme kurs,
og håpet er at dette skal bli et senge-/slumreteppe
Rødt på ene siden, og gult på den andre.
Gulfargen ble valgt fordi eg hadde så mye gule stoff
som aldri ble brukt til noe!
Kjempegrei teknikk, siden quiltingen blir gjort samtidig.

Dette mangler bare litt quilting og
en lukkekant. Det skal brukes på et brett på hytta.
Bare litt igjen, så her er det håp....

onsdag 17. september 2008

Nydelige plommer

I år er plommene nydelige.
Her på vestlandet har det omtrent ikkje regna denne
sommeren, så frukta har blitt søt og god med så mye sol.


Å hermetisere plommer er ganske enkelt.
En fyller et hermetikkglass med plommer.
Koker så en sukkerlake av et halvt kilo sukker
og en liter vann. Kjøl ned sukkerlaken litt. Slå laken
over plommene til den er ca. 3 cm fra kanten på glaset.
Legg på gummiring og glasslokk, og skru igjen.
Skru lokket litt opp igjen.
Bruk ei stor panne og legg et klede i botnen av panna.
Sett glassene ned i panna og fyll opp med vatn til en
8-10 cm fra kanten av glassa.
Sett på plata og varm opp. La det stå og trekke
i en 20 minutts tid.
Ta glassa ut av panna, skru lokket godt igjen og
sett dei opp ned på et tørt klede.
Dermed ser du og om glassa er tette.
Det var det, dermed er desserten klar til vinteren.


Plommer med litt is til, ummm kjempegodt!

søndag 14. september 2008

Tur til Union Hotell på Øye


Vi har vært på tur til Hotell Union på Øye i
Norangsdalen, Møre og Romsdal
Dette hotellet er berømt for sin gamle arkitektur.
Det er som å gå 100 år tilbake i tid, når en stig
over dørterskelen. Alt ned til minste detalj er tidsriktig.
Her kan en titte inn på rommene der Henrik Ibsen,
Karen Blixen, dronning Maud og våre nålevende
konger og dronninger har bodd.




Dette er fra det blå rommet, der det er
allment kjent at det spøker.


Karen Blixens rom var Afrika-inspirert
innredet.



Slik bodde Henrik Ibsen når han var i Øye.
Det kan virkelig anbefales å ta en tur hertil
og bare nyte omgivelsene.

fredag 5. september 2008

Teppe til Elise Marie


Fargerikt teppe til lille Elise Marie.
Toppen har dattera mi sydd, og så
har eg quilta det og sydd på lukkekant.
Størrelsen er 85 x 120 cm,
akkurat passelig til ei lita frøken.
Eg synes det vart knas:-)

mandag 25. august 2008

Vognteppe til dukka



Så har eg vært på loftet og henta dukke-vogna
etter dattera vår.
Den trengte både ny dyne, pute og madrass,
og selvfølgelig måtte mormor lage vognteppe.


Har en fått vogn, må det og trilles:-)

Har du det bra ned i der? Sover du?

tirsdag 19. august 2008

Elm Creek Quilts

Eg har blitt hekta på desse bøkene,
og bestiller dei gjennom amazon.com
Det tar 14 dager til 3 veker så har eg dei
i postkassa mi, og sjølv om eg betaler frakt frå
Amerika, blir det mykje billigare enn om eg skulle kjøpt
tilsvarande bøker her.
Boka ovanfor er tjukk som ein murstein og inneheld
bok nr 4 The Runaway Quilt, nr 5 The Quilter´s Legacy
og nr 6 The Master Quilter. Pris; Nkr 158,- inkl. frakt!


Desse 4 bøkene nr 7, 8, 9 og 10 kom
på litt under 250,- Nkr inkl. frakt.
Det er freistande å kjøpe mønster til
dei flotte quiltane som blir omtala i bøkene,
det blir vel kanskje neste prosjekt...
Her er meir om bøker osv..:
Jennifer Chiaverini

lørdag 16. august 2008

Plommer frå hagen



Eg måtte bare...
Plommene i hagen er ikkje heilt modna enda,
sjølv om vi kan finne ei og anna som er bra.
Desse lyste mot meg og eg måtte bare plukke dei.
Eg trur det er Opal-plommer, men iallefall, dei er
garantert uten sprøytemiddel.
Og dei smakte nydeleg....

mandag 11. august 2008

Glimt frå hytta innvendig


Her kjem nokre bilder frå hytta vår innvendig.
Denne senga stod bortgøymt i eit vedskjul.
Den er laga av onkelen til mi svigermor
(svigermor er 85 år).
Vi (les: min kjære mann) har slipt (og slipt...og slipt),
og lakka/beisa den igjen.
Senga var innsett med linolje eller noko liknande
som var umulig å få skikkelig av, derfor tok vi den
fargen som var nærast originalen og lakka den oppatt.
Senga er bare 175 cm lang så madrass måtte spesial-bestillast.

Åkleet er vevd av mor mi på 1970- talet.
Endeleg fekk eg bruke det sånn som det var tenkt.



Dette biletet hang i min barndomsheim.
Som de forstår var far min fiskar.
Glimt frå soverommet nede,
Bilde og interiør er kjøpt hos Primula på Nordfjordeid.

Golvteppa har lagt på loftet i mange år.
Dei er vevd i rosengang på 1970 talet av mor mi.


Eg har pussa opp igjen både kommodar og
senger. Denne kommoden var opprinneleg i teak,
deretter kvit med rosa skuffer då dottera var lita jente.
No vart den riktig så fin i heil-kvitt.




Denne engelen titter på oss på soverommet vårt.


Gardinene på soveromma var ei utfordring,
men synest i grunnen dette vart praktisk og fint.
Vindauga er så fine at eg kan ikkje gøyme dei
under gardiner.


Spisekroken vår på kjøkkenet.
Her nyt vi frukosten, når vi ikkje kan sitje ute.



Ved havet må vi ha det maritimt.
Eg hadde ei borde med flygande gjess etter
eit anna prosjekt, sett saman slik med applikerte måsar,
vart det eit fint lite bilete.



søndag 3. august 2008

Tall ships races






Tall ships races med lille Måløy som hovudhamn,
har vore som eit eventyr denne helga.
Gatene har vore fulle av folk, og med
underhaldning nesten på kvart gatehjørne.
Dette er nærbilete av båten "vår", den som
låg utanfor hytta i fleire dagar.
Det er litt størrelse på båtane når ein kjem nær.


.. og denne russiske båten MIR var son min
på 19 år "liaison" for. Han var då bindeleddet mellom
kaptein, mannskap og ansvarlege på land.