tirsdag 24. mars 2009

Endelig tilbake på nettet


Endelig virker dataen igjen:-)
Eg har ikkje komt meg inn på bloggen min på
lange tider, slik at det har vore dårleg med
oppdateringar i det siste.
Iallefall, eg har lagd to velkommen veggbilder,
eit til dottera og eit til hytta.
Desse er laga etter eit mønster av Anne Beier Finnestad.
Mønsteret stod i Quiltemagasinet nr 2/06.

mandag 9. mars 2009

Ny kurshelg


Denne helga har eg vore på kurs med
Patricia Iden.
Det var eit kjekt kurs som begynte fredag kl 18.00
og slutta søndag kl 17.00.
Vi skulle lage sybok. Denne skal romme alt vi treng
når vi skal på kurs eller møter.
Den er ganske omfattande og består av 16 sider,
der alle sidene har ein funksjon.



Denne lommen skal romme ei lita skjærematte.
Patricia viste oss ei lita matte som kunne
vendast rundt. Kjempesmart!



Ned i desse lommane skal der sakse-etui.
Dei og skal lagast i Japansk brette-teknikk og
festast med magnetknappar.
Eg skal legge innpå fleire bilder av detaljer
etter kvart som eg blir ferdig med sidene,
akkurat no har døgnet for få timer og vekene manglar
nokre dagar!

søndag 22. februar 2009

Kurshelg

Så har eg hatt ei trivelig helg på kurs
med Anne Beier Finnestad.
Ho er kjend for å bruke stoppefoten til sine arbeid.
Ho har også utgitt desse bøkene.
Dette kurset var moro og inspirerande,
og no er plutselig ikkje stoppefoten så farleg lenger.
Løparen med fuglane er fiks ferdig!
Tenk å bli ferdig med eit kurs arbeid same helga,
det trur eg er første gang.




Denne posen kalte Anne for "truse-pose",
kjekk og rask å lage.
Eg har igjen å sy på lukkekanten og hempe,
slik at den kan henge på badet.
Tenkte barnebarnet kunne få denne til
f. eks hårstrikk og slike pynteting.









torsdag 19. februar 2009

Snømannteppe


Sånn omtrent er det snømannsteppet skal
sjå ut når blokkene er sydd saman.
Der er fleire rader utanpå dette, så teppet
blir stort viss ein følgjer mønstera.
Dette er Ingun på Primula sitt teppe.
Det er også ho som har mønstra.

lørdag 14. februar 2009

Snowman collector




Da var eg ferdig med ei blokk til i teppet
Snowman Collector.
Det viser seg at der skal vere 12 blokker,
og eg har no fått tak i mønster til alle blokkene.
Er der nokon der ute i blogg-verda som
har laga teppet, eller sett det ferdig?

tirsdag 10. februar 2009

søndag 8. februar 2009

Vinterstemning ved havet





Eg var på hytta i helga og tok nokre bilder.
Slik kan også storhavet sjå ut ein vinterdag i februar.
(klikk på bilda for stort format)

søndag 1. februar 2009

5 første Dear Jane



No er eg i gang:-)
Til regiontreffet som klubben vår arrangerte
i 2008, sydde medlemmane Dear Jane teppe.
Etter det har eg hatt lyst til å sy mitt eige teppe.
Eg har tenkt å sy det av rester, men med
lys bakgrunn. Satser på at eg held nokolunde stilen
slik at det blir bra når det eingong blir sydd saman.





tirsdag 27. januar 2009

Gamle mønster



Eg har fått låne ei kasse med gamle mønster.
Mange av dei har eg kopiert, men enkelte
var papiret så sprøtt på, at eg torde ikkje
gjere noko med dei.
Ein del brukte eg strykejernet på slik at
dei vart så glatte at mønsteret kom fram skikkelig.




På enkelte stod namn og årstalet 1922!!


Enkelte mønster var også teikna på noko
som var midt mellom papir og stoff, kjentes
nesten ut som ein tynn voksduk.
Dette "stoffet" stod det årstalet 1922 på.



Tusen takk til eigar for at eg fekk låne
og kopiere opp denne skatten:-))

onsdag 21. januar 2009

Eg har fått to flotte awarder frå eling.wordpress.com
Tusen takk Elin. Det er alltid kjekt når nokon synes det er
inspirerande å titte på bloggen min.
Desse utmerkingane skal gjevast vidare, og eg vel å
gje dei til alle dei flotte bloggane som eg koser meg med
i seine kveldsstunder.


Regler for denne awarden er:
1. Vinneren kan kopiere denne logogen til hans/hennes side.
2. Lag en link til han/henne du fikk awarden fra.
3. Nominer minst 7 andre blogger.
4. Lag linker til disse bloggene på bloggen din.
5. Legg igjen beskjed på bloggene til de nominerte.




“Denne bloggen investerer i og tror på NÆRHET- nærhet i rom, tid og forhold!
Disse bloggerne er usedvanlig sjarmerende og søte,
og formålet er å finne og å være venner.
De er ikke opptatt av utmerkelser og selvhevdelse.
Vårt håp er at når båndene på disse utmerkelser er kuttet,
vil enda flere vennskap ha forplantet seg.
Vær vennlig å gi litt ekstra oppmerksomhet til disse!
Gi denne utmerkelsen til åtte bloggere, som igjen må velge seg åtte nye.
Inkluder denne teksten på utmerkelsen deres”.



lørdag 3. januar 2009

Mange blokker små









Eg har då meldt meg på ein blogg som
heiter mange blokker små

Eg har ein draum om å sy eit Dear Jane teppe,
og då trengs det mange blokker små og det trengs tid!
Før eg begynner på eit slikt prosjekt
kan eg kanskje få gjort ferdig dette teppet som eg begynte
på for nokre år! sidan.
5 blokker er ferdige, mens 3 er på vent.
Eit teppe med 8 blokker, høyrest no verkeleg
overkommeleg ut.