fredag 20. april 2007

By-tur


I går var eg ein rask tur til Bergen.
Tok båten fram og tilbake, vi hadde då stiv kuling
med urolig hav over Stav-fjorden, skikkelige bølgjer!
Eg var så heldig å møte ei klasseveninne frå ungdomsskulen
i Bergen, så turen heimatt gjekk fort og greit i godt selskap, sjølv
om det var "ruskut å leggja utpå".
Kjøpte meg nye skinntøfler og eit småblomstret koselig stoff i by´n.

4 kommentarer:

Elin sa...

Bytur med berre eitt stoff? Er du gått frå forstanden? Men tøflene har du nok bruk for no i kulda. Den båtturen høyrdest ikkje festleg ut, minner meg om skuleåret mitt i Bergen i 75/76 (a long time ago..) med styggever og katamaran og heile pakka.

Anonym sa...

Bytur med berre eitt stoff, det var ikkje mykje å skryte av. Det skal vel vere til babyen?

STRIKKEMOR(O) sa...

Sterkt gjort av deg å kjøpe berre ein stoffbit, men du har rett i at får tak i det meste vi treng her på stedet!

Mallemor sa...

Du skal ikkje fryse på beina du.
Eg syns du er flink som klarer å kome heim med berre eit stoff eg.

Eg driv og testar ut det og skrive kommentarer til bilda. Det går fint her med meg. Andre ting strever eg meir med.På bloggen altså...