mandag 11. august 2008

Glimt frå hytta innvendig


Her kjem nokre bilder frå hytta vår innvendig.
Denne senga stod bortgøymt i eit vedskjul.
Den er laga av onkelen til mi svigermor
(svigermor er 85 år).
Vi (les: min kjære mann) har slipt (og slipt...og slipt),
og lakka/beisa den igjen.
Senga var innsett med linolje eller noko liknande
som var umulig å få skikkelig av, derfor tok vi den
fargen som var nærast originalen og lakka den oppatt.
Senga er bare 175 cm lang så madrass måtte spesial-bestillast.

Åkleet er vevd av mor mi på 1970- talet.
Endeleg fekk eg bruke det sånn som det var tenkt.



Dette biletet hang i min barndomsheim.
Som de forstår var far min fiskar.
Glimt frå soverommet nede,
Bilde og interiør er kjøpt hos Primula på Nordfjordeid.

Golvteppa har lagt på loftet i mange år.
Dei er vevd i rosengang på 1970 talet av mor mi.


Eg har pussa opp igjen både kommodar og
senger. Denne kommoden var opprinneleg i teak,
deretter kvit med rosa skuffer då dottera var lita jente.
No vart den riktig så fin i heil-kvitt.




Denne engelen titter på oss på soverommet vårt.


Gardinene på soveromma var ei utfordring,
men synest i grunnen dette vart praktisk og fint.
Vindauga er så fine at eg kan ikkje gøyme dei
under gardiner.


Spisekroken vår på kjøkkenet.
Her nyt vi frukosten, når vi ikkje kan sitje ute.



Ved havet må vi ha det maritimt.
Eg hadde ei borde med flygande gjess etter
eit anna prosjekt, sett saman slik med applikerte måsar,
vart det eit fint lite bilete.



4 kommentarer:

Anonym sa...

Veldig bra:)

Two sa...

Ser veldig koselig ut hos deg. Tvilar ikkje på at du kosar deg der ute.

Blåbærtua sa...

Så flott en hytte. Fin beliggenhet og koselig inni. Han har jobbet godt med den gamle senga. Kjempefin:O)

pip sa...

Hvor ser der hyggeligt ud i hytten, og fine patchwork arbejder rundt omkring, må være et dejligt sted at slappe af.