torsdag 27. mars 2008

Påska 2008


Her er nokre stemningsbilder frå mi påske.
Den vart brukt til å jobbe på hytta, med god
hjelp frå bror og svigerinne.

onsdag 19. mars 2008


Riktig GOD PÅSKE til alle som titter
innom bloggen min:-)))

fredag 14. mars 2008

Tusen takk




Denne flotte boka Beyond the Basics av Kathy Delaney,
fikk eg frå Nordfjord Lappe- og Quilteklubb,
når eg gjekk av som leiar.
Tusen takk til alle medlemmane for ei kjempefin gåve:-))))

tirsdag 11. mars 2008

Kurs i bretteteknikk



Denne helga har vi hatt kurs i Bretteteknikk
med Signe Haugen frå KJELLARSTUA

Det var eit flott og lærerikt kurs med ein svært
dyktig kursleiar.
Forutan å ha med mange modellar, hadde ho også
med sjølvfarga stoff, tråd, tyll og garn til filting.
Vi i klubben har bedt om å få henne tilbake
til eit fargekurs, for dette gav meirsmak.
Desse bileta er eit utdrag av hennar tepper,
morsomme og inspirerande arbeid.
Eg er ikkje ferdig med mitt enda, men det kjem, det kjem..

Årsmøtet i Nordfjord Lappe- og Quilteklubb var lagt til
sjølvaste kvinnedagen, deretter
kurs både laurdag og søndag. Så
møte i regiontreff-komiteen søndag kveld.
Gjett om det var "mandag morgen blues" her i gården.

Eg har også sagt frå meg leiarvervet i klubben,
den nye leiaren er no Inger Lise Strand.
Eg veit at ho kjem til å gjere ein god jobb, og
eg ønskjer henne lykke til med oppgåva:-)





onsdag 5. mars 2008

Hytta ved havet


No har vi fått ned stillaset på 3 sider av hytta, så
no er det litt betre å sjå korleis dette blir.
Til våren har vi tenkt å beise hytta grå med havblå lister.


Det går framover innvendig også, og no har vi
fått opp trappa til loftet. Den var god å gå i :-)))



Nedanfor hytta buldrar båra no og til tider er havet røft.
Om sommaren er det sandstrand her som
båra bryt no. På vinterstid tek havet med seg sanden
frå stranda, slik at der kjem fram mange store steiner,
og når sommaren kjem legg sanden seg fint på plass igjen.


Posted by Picasa

onsdag 27. februar 2008

By-tur






Eg har vore ein tur i Oslo by.
Der fikk eg sjå sola:-) Den er fråverande på Vestlandet for tida.
På måndag var der eit nydeleg vårvêr, og eg rusla
opp Karl Johan på jakt etter Katrines Quilte Stue.
Bak slottet fann eg butikken, og det var som å komme inn i våren.
Eg fikk lov å ta bilder i butikken, samt å gå inn i kurs-rommet og
titte på arbeidet der, sjølv om der var undervisning på gang.
Tusen takk for hyggeleg mottaking. Eg kjem nok igjen.

(PS! Bilda er tatt med mobiltelefon, derfor litt uklare.)

Litt handel vart det også,
eit stichery-mønster og nokre
nydelege vår stoff.


torsdag 21. februar 2008

Tøfler


Desse nydelege, varme tøflane fikk eg med
Berit og Kirsti som titta innom meg på jobben.
Tusen takk, dei var kjempegode:-))))))

søndag 17. februar 2008

Snøprinsesse


Dette mønsteret fikk eg frå Blåbærtua
Tusen takk:-))
Det har lagt ei stund før eg kunne begynne å strikke,
sidan senebetennelsen min har blomstra i det siste.
No har eg i allefall fått lagt opp og eg er begynt på mønsteret.
Dette skal bli spennande.

tirsdag 12. februar 2008

Snart vår





I helga var vi ved kysten. Der står kusymra og snøklokkene
i blomst, og krokusen sprett snart ut.
Desverre hadde eg ikkje med fotoapperatet,
men eg tok nokre bilete med mobilen.




lørdag 2. februar 2008

Vognteppe


Dette vognteppet har eg sydd til lille Loke ,
fødd 10. januar. Håper teppet fell i smak hos foreldra:-)



onsdag 30. januar 2008


Denne prisen fikk eg frå Mitt Fargerike
Tusen takk til deg, det var ei stor overrasking.
Det er hyggeleg at bloggen min kan vere med å
inspirere andre. Det gjer meg både audmjuk og glad.
Der er mange eg kan ha lyst å gje denne prisen vidare til,
så mange at eg greier ikkje å velje.
Eg gjev den til alle dei flotte og inspirerande bloggane eg
tittar innom, og som er med på å gjere dagen min god.

I got a very nice surprise today. Mitt Fargerike
picked me among many other bloggers who inspire
her days, to get a nice price.
Thank you. I will dedicate this price to the lovely bloggers
who give me inspiration and brighten my days.

Dear Jane




I helga hadde vi dugnad på å sy saman Dear Jane teppa.
Vi sydde mellomverk i lys blått og mørkt blått.
Hittil har vi laga to sengetepper, to veggtepper +
vi sydde mellomverk rundt fleire blokker.
Det vert ny dugnad søndag den 10. februar, då skal teppa
quiltast og det skal syast lukkekant.
Vi har mange blokker igjen, så det blir høve til å sy fleire
små tepper for den som ønskjer det.
Nokre av desse teppa skal loddast ut på regiontreffet
vårt den 30. mars.

torsdag 24. januar 2008

Dear Jane


Tida går så frykteleg fort og eg heng bak som
eit anna slips....
I allefall, det er lenge sidan eg har hatt tid å
leggje inn noko på bloggen min, men det verste er at
eg ikkje har funne tid til å titte på andre sine bloggar heller.
Fordelen er at eg har mykje kjekt å sjå fram til....:-)

Her er nokre blokker som eg har sydd til fellesprosjektet vårt.
Til helga skal vi begynne å sy saman blokkene, vi
har så mange no at det blir nok meir enn eit teppe,
kanskje eit stort og eit par små?
Målsetjinga vår var at medlemmane i klubben skulle lære nye
måtar å løyse problem på, og vi får tilbakemelding om at
det har dei gjort. Nokre blokker har vore lette å sy, andre
er sydd med tankar som ikkje egner seg på trykk, og
har vore eit par gongar nedom bossbøtta før dei vart ferdige,
men vi har i allefall lært å vere nøyaktige.
Oppdatering følger etter kvart som vi syr ihop...


søndag 13. januar 2008

Med blanke ark...


Det nye året begynte strålande for oss,
eit nytt barn vart fødd i slekta den 10. januar
og eg er då blitt grandtante igjen.
Den nybakte mora ønskjer seg vognteppe, så eg
vil lage eit med bamse på og i blå-tonar denne gangen.
Oppdatering følgjer på det...

Eg var på besøk hos kunstmålar Haugan på Bryggja for
å kjøpe maleri til min eldste bror, som hadde rund bursdag den 5 januar.
Eg falt fullstendig for dette bildet, og kjøpte det til meg sjølv!!
Det skal få henge i hytta ved havet.
Denne kunstnaren har nettopp hatt utstilling i Kulturhuset Gamlebanken
på Nordfjordeid, men eg veit ikkje om dette bildet var med der,
sannsynlegvis ikkje sidan det mangla ramme.

mandag 31. desember 2007

GODT NYTTÅR


Som de ser har vi hatt ei flott jul med vårt første
barnebarn på besøk.
Ho er no 9 mnd og er for oss det søtaste, nydeligaste og
sjølvsagt største under på jord.
Eg helsar til farmor og farfar som får gleda av å
ha den lille familien på besøk i nyttårshelga,
og til alle som tittar innom bloggen min ønskjer
eg eit riktig
GODT NYTTÅR

This year our grandchild (and her mam and dad)
visit us in the christmas days.
She is no 9 mnd old and of course the loveliest child in the world.
I like to wish everyone a
HAPPY NEW YEAR

lørdag 22. desember 2007

GOD JUL


Med dette bildet "Moren og barnet",
som Doleres Schembri har malt med munnen,
vil eg ønske alle ei riktig
GOD JUL

Whit this painting "Mother and child",
by Doleres Schembri,
I wish everyone a Merry Christmas

mandag 17. desember 2007

Hjerte-teppe


Eg måtte ha eit nytt vegg-teppe i gangen til jul.
Dette var raskt og enkelt å lage. Eg quilta kvar blokk
for seg, og deretter sydde dei saman med tett zig-zag.
Sidan eg ikkje har brukt julestoff, kan det henge ei stund
etter jul også.


torsdag 13. desember 2007

Dear Jane



Her er fellesprosjektet vårt i klubben.
Reknar med at mellomromma blir fyllt opp
på medlemsmøtet i januar:-)
Hugs ny dato for region treffet; 30. mars 2008

Desse tre blokkene kom i posten frå Husflidstausa

torsdag 6. desember 2007

Juledekorasjonar






I går var bygdekvinnelaget som eg er medlem i, invitert inn til
Hildenes Gartneri på Nordfjordeid.
Å komme inn dørene der er ei oppleving i seg sjølv,
butikken bugnar av blomster, juledekorasjonar,
flotte interiørting og småting til å lage sine eigne dekorasjonar.
Her er nokre døme på dekorasjonar som
Iren og Hildegunn laga for oss. Lekkert!

søndag 2. desember 2007

Advent





Så er det advent igjen, og vi går ei hyggeleg og travel tid i møte.
I dag har eg pynta stova med løpera, lys og tilbehør i lilla.
Eg er då godt igang med juleforberedelsane, har laga både
lefser, flatbrød og sylteflesk.
I kommande veke får eg begynne å bake småkaker, og så lyt
ein vel og tenkje på julegåver etterkvart.
Likar ikkje å handle julegåver før julegata er tent og pynten
er komt på plass i butikkane. Må liksom ha den rette stemninga
før eg får inspirasjon til å begynne med gåvene.