mandag 31. desember 2007

GODT NYTTÅR


Som de ser har vi hatt ei flott jul med vårt første
barnebarn på besøk.
Ho er no 9 mnd og er for oss det søtaste, nydeligaste og
sjølvsagt største under på jord.
Eg helsar til farmor og farfar som får gleda av å
ha den lille familien på besøk i nyttårshelga,
og til alle som tittar innom bloggen min ønskjer
eg eit riktig
GODT NYTTÅR

This year our grandchild (and her mam and dad)
visit us in the christmas days.
She is no 9 mnd old and of course the loveliest child in the world.
I like to wish everyone a
HAPPY NEW YEAR

lørdag 22. desember 2007

GOD JUL


Med dette bildet "Moren og barnet",
som Doleres Schembri har malt med munnen,
vil eg ønske alle ei riktig
GOD JUL

Whit this painting "Mother and child",
by Doleres Schembri,
I wish everyone a Merry Christmas

mandag 17. desember 2007

Hjerte-teppe


Eg måtte ha eit nytt vegg-teppe i gangen til jul.
Dette var raskt og enkelt å lage. Eg quilta kvar blokk
for seg, og deretter sydde dei saman med tett zig-zag.
Sidan eg ikkje har brukt julestoff, kan det henge ei stund
etter jul også.


torsdag 13. desember 2007

Dear Jane



Her er fellesprosjektet vårt i klubben.
Reknar med at mellomromma blir fyllt opp
på medlemsmøtet i januar:-)
Hugs ny dato for region treffet; 30. mars 2008

Desse tre blokkene kom i posten frå Husflidstausa

torsdag 6. desember 2007

Juledekorasjonar






I går var bygdekvinnelaget som eg er medlem i, invitert inn til
Hildenes Gartneri på Nordfjordeid.
Å komme inn dørene der er ei oppleving i seg sjølv,
butikken bugnar av blomster, juledekorasjonar,
flotte interiørting og småting til å lage sine eigne dekorasjonar.
Her er nokre døme på dekorasjonar som
Iren og Hildegunn laga for oss. Lekkert!

søndag 2. desember 2007

Advent





Så er det advent igjen, og vi går ei hyggeleg og travel tid i møte.
I dag har eg pynta stova med løpera, lys og tilbehør i lilla.
Eg er då godt igang med juleforberedelsane, har laga både
lefser, flatbrød og sylteflesk.
I kommande veke får eg begynne å bake småkaker, og så lyt
ein vel og tenkje på julegåver etterkvart.
Likar ikkje å handle julegåver før julegata er tent og pynten
er komt på plass i butikkane. Må liksom ha den rette stemninga
før eg får inspirasjon til å begynne med gåvene.




onsdag 28. november 2007

UFO


I dag har eg dukka ned i UFO-eska.
Har greidd å få ferdig 4- fire - ting som har lagt der og
mangla eit glidelås her og ein lukkekant der.
Er ganske fornøgd med meg sjølv, kanskje noko av det blir julegåver.


fredag 23. november 2007

Adventsløper

Er begynt å forstå at det snart er advent igjen.
Er ikkje lenge sidan sist!
Her er ein løpar som eg sydde i fjor, eller var det året før.....?

I alle fall eg ønsker alle ei riktig god helg:-))))

onsdag 21. november 2007

Tøfler til barnebarnet


Desse tøflane/lestene strikka eg til Elise Marie
i Fritidsgarn og tova dei i vaskemaskina med Milo.
Dei vart kjempevarme og er gode til å bruke i bilstolen
og når ho er ute på trilletur.
Enkelt og raskt å lage.

These slippers I made for my grandchild.
They are easy to knit and very warm to small foots.

søndag 18. november 2007

Dear Jane


Denne veka har det blitt lite tid til blogging
då barnebarnet har vore på besøk , og
dessutan har skjermen på datamaskina svikta meg.
Så snart som eg har slått den på, har den gått i svart,
men nå virker den igjen for ei lita stund.....forstå det
den som kan! I allefall konklusjonen er at mor bør få
ny flatskjerm til dataen til jul:-)

Her er fellesprosjektet vårt Dear Jane, det består no
av vel 80 blokker, og eg reknar med at det kjem fleire
på desember-møtet. Planen er å sy tepper som skal brukast
til utlodding på regionstreffet 30. mars (mrk. datoen) neste år.


No er vi snart ferdige med hytte-taket.
Der er lagt dråpeforma skifer, det er ein kjempejobb
som brødrene mine har gjort på kveldstid og nokre
laurdagar. Dyktige karar!

mandag 5. november 2007

Sko-pose



Denne er laga etter AnnAKa sitt mønster og er
ei gebursdagsgåve til ei veninne.
Oppi putta eg ein pakke med fine serviettar
og matchande kubbelys.
Kjekt å kunne gje frå seg noko heimelaga:-)

Baby-lester


Det er blitt nokre par med baby-lester i år.
Nokre er til barne-barnet, mens andre er gåver
til mi dotter sine veninner.
Desse er enkle og raske å lage.

lørdag 3. november 2007

You Make Me Smile Award











Eg har fått denne prisen av annischoice.blogspot.com
Tusen takk til henne.
No er det meininga at eg skal gje denne prisen vidare
til 10 andre, men der er så mange flotte bloggar at eg
greier ikkje å bestemme meg. Derfor sender eg denne
som ei helsing til alle flotte og kreative handarbeidsdamer,
som bruker timer av si tid til å inspirere oss andre.

torsdag 1. november 2007

Baby-symjing


I dag har eg vore på baby-symjing med barne-barnet.
Det var ei oppleving.....
Her er vi under vatnet, ho med augene opne og heilt med,
at mormor hadde briller på var visst det raraste.

Today I have visit my daughter and grand-daughter,
and we were in the swimming-hall.
It´s amazing to see the little girl in the water,
how she enjoy it and has no fear to dive.

mandag 29. oktober 2007


Når hausten kjem må bargello-teppet
på plass på kjøkkenet.
Vi treng litt fargar no når det er mørkt
både til og frå jobb.
Fint å sette seg ned om kvelden med eit handarbeid
og ein god kopp te.


søndag 28. oktober 2007

Hytta ved havet














































Det går fort framover (takka vere 2 av brødrene mine + min kjære mann),
sjølv om vi byggjer bare på kveldstid og laurdagar.
No er pipa komt gjennom taket og skifer-steinen
er nesten ferdiglagt på eine sida.
I dag var der eit ruske ver ute og sjøen slukte heile sandstranda.

It goes straight ahead with the cottage building.
Here is some pictures. It was just a rough weater today.



torsdag 25. oktober 2007

Bøker




















For tida blir det ikkje så mykje sying
eller anna handarbeid.
Det går i jobb, møter, hyttebygging
og så er eg begynt å male taket i
utleigeleiligheta vår.
Og når ein først begynner, så hadde det
jo vore fint med nytt tapet på veggane og.....
I alle fall... lese må eg.
No er eg nettopp ferdig med ei lita underfundig
bok av Unni Lindell og
Snømannen av Jon Nesbø.
Jo Nesbø skriv knakande god krim og det var denne boka og,
sjølv om eg knekte koden ganske tidleg (for ein gongs skuld).
Eg er no begynt på boka om Sylvia frå Elm Creek Manor.
Den eg kjøpte består av 3 bøker i ei og er tjukk som ein murstein,
men boka er heldigvis lettlest.





















mandag 22. oktober 2007

Slumretepper


Dette er sydd av bare små restebiter.





Dette er sydd av enkle biter 7x7 cm.
Ingen av dei farga bitane er like.
Teppa er så store at dei går godt under beina
og opp under øyra, når ein skal sove middag:-))

Some of my older quilts.
The first one is sewed only of little leftovers.
The last one is made of bits 7x7 cm and none of
the colored fabric are equal.



Fargane blir ikkje heilt riktige her.
Alle teppa har fleece på baksida,
så dei er lune og gode.

søndag 21. oktober 2007

Hytta ved havet



Her er nokre bilder frå hytteprosjektet vårt.
No er vindauga komne i og vi held på å bordkle.

Here are some pictures from the cottage which
we are building.

torsdag 18. oktober 2007

"Pengegaloppen"


Dette bildet sydde eg under Vestlandstreff i Bergen.
Eg gjekk på eit kurs med Astrid Eng, og ho kalte teppet
for "Pengegaloppen".
Teppet skal symbolisere Bergen med paraplyar, Fløybanen,
fjella rundt Bergen, blomsterpaviljonen
og gullpenger fordi Bergen er ein handelsstad.
Vi brukte ulike teknikkar som var ukjende for meg,
så eg hadde godt utbytte av kurset.


søndag 14. oktober 2007

Barnebarn/Grandchild


Denne veka har vi hatt besøk av barnebarnet og mammaen.
Lille Elise Marie er blitt 6 mnd., er ho ikkje nydelig vel??

This is my beautiful grandchild Elise Marie 6 month old.

Vestlandstreff i Bergen



Forrige helg var vi til Bergen på Vestlandstreff.
Det var ei kjekk helg. Vi hadde god tid til å rusle
i byen på fredag, og var så heldige å få oppleve
sol og flott haustver i byen.
Vi tok turen opp på Fløien og "Blåmann" frakta
oss trygt og sikkert både opp og ned.
Bryggen og fisketorget er eit must når ein er på bytur,
og vi fikk også med oss ei utstilling om Oleana.
Her var det mykje lekkert.

Last week-end we were in Bergen at "Vestlandstreff".
Bergen is a beautiful town with many old houses.
We also visit a exhibition about Oleana.
This is Norwegians knit-wear in a new design.



søndag 30. september 2007

Round robin



No skal vi snart til Bergen på Vestlandstreff.
I fjor arrangerte vi i NLQ Vestlandstreff på
Nordfjordeid, noko som var kjempe kjekt. Vi hadde
11 forskjellege kurs og ca 200 deltakarar.
Før treffet gjekk 25 av medlemmane saman om å sy teppe.
Vi var 5 på kvart teppe, og midten sydde den som eigde teppet.
Etterpå vart det sendt rundt til andre som sydde kvar sin
omgang, deretter fikk vi ikkje sjå teppet før
det var ferdig til quilting.
Øverste biletet viser korleis teppet mitt såg ut når det
kom tilbake til meg.
Eg hadde lyst å gjere litt meir av det og sydde vidare
slik at det vart eit sengeteppe til dobbelseng.
Dette fikk mi dotter og hennar samboar.

Last year the members of our club NLQ made some quilts
after the Round Robin principle.
This was before we were going to arrange the "Vestlandstreff",
a meeting for about 200 quilters in the western part of Norway.
Here is mine quilt. I decided to do some more and made it as
a quilt for a large bed.
It became a bed quilt for my daughter.
No in October we are going to Bergen for this years meeting.

Hytta


Her er bilete av hytta under bygging.
Vi er klar til å bordkle, montere vindu og dører,
og legge på takstein. Det går kjapt framover:-))
Til høgre for hytta ligg sandstranda.

torsdag 27. september 2007

Eg er blitt "tagga"

Eg er blitt "tagga" av Anni og Strikkemor(o)
Tusen takk til begge to, synest det er kjekt at nokon tenkjer på lille meg.

1 Likar gamle broderi, gjerne i plattsøm.
2 Har alltid tusen ting å gjere.... og alt for lita tid.
3 Gjekk "grensesømmen" i Sylane sommaren 2005.
Frå hytte til hytte mellom Sverige og Norge.
4 Sydde og strikka nesten alle mine klær frå eg var 13 år.
5 Er ein lesehest. Må lese på senga før eg sovner.
6 Likar ikkje lakris eller rømmegraut.
7 Likar best sjømat. Nykokt småsei "pale" og krabbe er bare nyyydelig.

Dette var litt om meg.
No skal eg finne 7 nye å tagge. Det må bli;

Husflidtausa
Torunn
Mari
Sol
Pia-Vardagsrummet
Grethe-Kristin
Mia frå Sverige

Reglene:
1. Link tilbake til den som har tagget deg og skriv reglene.
2. Fortell 7 ting om deg selv, både seriøse og mindre seriøse.
3. Tagg 7 andre bloggere og skriv en link til dem.
4. La disse få vite at de er tagget ved at du skriver en kommentar i deres blogg.

søndag 23. september 2007

Slumreteppe



Dette slumre teppet er lagd av rester ++.
Det er fleece på baksida + bomullsvatt imellom,
så det er godt og varmt.
Teppet er quilta både med hand og maskin.
Lagde det til min mann for eit par år sidan.

This quilt was made to my husband a couple of years ago.
It is made by left overs and some new fabric.
Back there is fleece and it`s watting with cotton.
The quilt is nice and warm.


Hytta ved havet



Det går framover med hytta vår.
Vi har fått tak i eit gammalt skifertak og alle
hellene må sorterast både i tjukkelse og
kva som kan brukast. Passeleg jobb for mor:-)

A picture from the cottage which we are building.
It goes forward:-)

onsdag 19. september 2007

Utsikt frå hyttetomta

Posted by Picasa
Slik er utsikta frå hyttetomta når nordvesten
står på og båra bryt.

View from the cottage in a rough weather.