Den 19. juli hadde eg rund bursdag.
Denne feira eg saman med familien og
dei næraste vennane våre.
Eg hadde invitert til at vi skulle gå tur
til Skongsnes Fyr om dagen, og grille ved
hytta om kvelden. Planane måtte endrast då
vermeldinga på torsdag sa store nedbørsmengder!
Det vart likevel fint ver denne dagen, men turen over
fjellet til fyret håper eg vi kan gå ein annan gong.
For meg vart dagen fin og minnerik.
Eg ønskte meg nytt fotoapparat, og tanken
er å gå kurs til hausten og lære å ta bilder
skikkeleg.