søndag 16. desember 2012

Besøk av barnebarna

 Denne helga har vi hatt besøk av barnebarna.
Vi har både baka og laga reinsdyrbukk.

Blid kar i full gang med å male kakemenn.

torsdag 6. desember 2012

Juleavslutning i quilteklubben


 Tirsdag hadde vi juleavslutning i Quilteklubben
Eg var blant dei som hadde ansvaret for maten.
Denne gangen hadde vi flott marsipankake,
nydeleg kringle, flotte smørbrød og pasta/kyllingsalat.
........ og damene likte maten:-)))


Marsinpankake frå Eid Minibakeri

Nydeleg kringle frå Reidun
Og dette var oppgava vår denne kvelden.
Eit lite stichery i redwork.

tirsdag 4. desember 2012

Genser til Elise Marie


Da var "Pippi"-genseren til barnebarnet
Elise Marie ferdig.
Synes denne var litt "knas", så nå får eg håpe
julegåva passer.

søndag 25. november 2012

Kurshelg med Ingun

I helga har NLQ arrangert kurs i bruk av LINJALER.
Tusen takk til kurslærer Ingun på Primula 
for kjempekjekt kurs.

Mønsteret på bildet over er Twister. Det er skåret ut med 
den minste "twister" linjalen.
Eg har ikkje sydd det sammen enda,
det var altfor spennande å prøve diverse linjaler.



 Teppet ovanfor er heller ikkje ferdig sammensydd.
Det er brukt 60 graders linjal, og stoffene fekk eg 
med sønnen min da han studerte i Fargo, Nord Dakota.
Eg har lurt lenge på kva eg skulle laga av desse to pakkane
med så mange forskjellige stoffbiter, og dette mønsteret 
passet bra, det ble eit "Amerika-brev" der innholdet
er "litt av alt"

 Dette er "Twister" teppet til Torunn,
det blei kjempefint.

Og dette rosa hjertet er Ingebjørg sitt.
Sydd med "storm at sea" linjal.
Det er litt vankelig å sjå av bildet, men der er
eit lys rosa hjerte eine vegen,
og eit mørkare hjerte andre vegen.



 Storm at sea i andre variasjoner:
ovanfor tilhører Aud  og det
under har Solfrid sydd.

 Elna sitt Twister teppe vart berre lekkert.


onsdag 21. november 2012

Løper til Bygdekvinnebasar


Har sydd ein bordløper til Bygdekvinnene
sin basar den 2. desember.
Det er blitt en tradisjon at Bygdekvinnene arrangerer
Julegrantenning og basar første advent.
Så også i år, 2. desember kl 15.00 tenner vi julelysene i treet.
Etterpå er det korpsmusikk og barnekor i ungdomshuset.
Her er bilder frå Stårheimsbygda.no

tirsdag 6. november 2012

Resteteppe

Har sydd ferdig toppen til eit sengeteppe.
Det er sydd  av 2,5" reste-striper, og heilt uten å tenke
på kva som passa saman.
Resultatet vart forbausande bra!
Det vart og mykje større enn kva eg tenkte i utgangspunktet. 
No måler det 1,95 x 2,25 m og er
rikelig stort til ei dobbelseng.
Quiltinga skal eg ta seinare, har tenkt å leige
quiltestativet til Ingun på  Primula Design.

søndag 28. oktober 2012

Siste rest av sommer/haust

 Denne hausten har vi hatt utruleg flotte farger.
Snøen kom mens lauva fortsatt er på trea,
noko som er uvanleg for oss på vestlandet.
Som oftast har vi hatt nokre hauststormar før
snøen kjem, slik at alt er nakent og kaldt.

 Desse bilda tok eg for eit par dager sidan,
dette er nok siste rest av sommaren
Rosene har eg no tatt inn...
og stemoren gjorde seg like bra innomhus.


 Snart advent !! -- og i år er eg tidleg ute.
Har sydd desse to løparane, ein med 
hjerter og ein med stjerner, etter mønster
frå Miak Design Quilt.


..og som de ser, vi har fått snø!
-4 grader i natt og 10 cm snø, så nå er det ingen vei tilbake,
vinteren er her.

mandag 27. august 2012

Låvemesse 2012

 No nærmar det seg med sjumils-steg:
LÅVEMESSA 2012
Denne arrangerte vi for første gang i fjor,
og det vart en stor suksess med mange besøkande
og god handel.
Denne gangen har vi og laga NATRONKAKER
til salg i kafeen. Desse er kjempegode og  populære.
9 damer møtte opp en kveld og steikte ca 550 kaker!!
Titt på bloggen til Nordfjord Lappe- og Quilteklubb
og sjå kor trivelig vi hadde det.

 I sommer har eg laga nokre løpere og anna knask. 
Har tenkt å tilby noko av det for salg på messa,
og så ser vi om det er av interesse.
Fargane er ikkje heilt korrekte på desse bilda,
da dei er tatt i sterkt solskinn!
Oi, endeleg en dag med sol.......
Det har det ikkje vore for mange av denne sommaren.....
Iallefall - velkommen til LÅVEMESSE :-))))