Så har quilteklubben vore på sin årlege blåtur.
Denne gangen reiste vi inn til Sande i Sunnfjord på
besøk til Desiree`s Lappeteknikk
Her er det Aslaug som har fått godbiter opp i korga si.
Derfra gjekk turen vidare til Bygstad og
Rytnetunet
Koselig liten fjellgard heilt oppunder fjellet Storehesten.
For dei som er spreke nok går der motbakkeløp opp på Storehesten.
Dette starter på 0 og opp til 1209 m over havet.
Gjeldande rekord er 1 time og 4 minutter!!!
Eigarane hadde gjort ein kjempejobb med restaurering,
frå ei falleferdig rønne til ein koseleg gard på kun 4 år.
Her ligg det enormt med arbeid bak.
Denne Amerika-kofferten som ho viser her er ein av
dei mange gamle tinga som no er komt fram igjen.
Her leiger dei ut til turister og alle som har bruk for
å roe ned eit par hakk.
Der var tilsammen 12-16 sengeplasser når ein legg
godviljen til.