søndag 15. august 2010

Kurs med George Siciliano


Denne helga har Nordfjord Lappe- og Quilteklubb
arrangert kurs med George Siciliano
frå Pennsylvania, USA
Dette kunstverket som han presenterer her,
skal vere med på konkurranser i år.
Eit av bilda han viste oss hadde vunne 10!! førstepriser.


Vi har hatt ei fantastisk helg med en utruleg dyktig
quilter og lærer.
Gå inn på heimesidene til George og hans fru Virginia
og sjå alle dei vakre kunstverka hans.
Og alt er laga av bitte-bitte små biter.
I eit lite bilde 13 x 13 inch var der 4250 biter!
Vi var imponerte!!



George kom nå frå Sverige, der han hadde holdt
eit kurs med Mia Øberg
og etter oss skal han ha eit kurs i Molde.
Fantastisk at han ville komme til lille Nordfjord
for å holde kurs for oss.