fredag 27. september 2013

Buggy Barn teppe




Denne helga skal vi gå kurs og sy hjerteteppe 
i Buggy barn teknikken.
Har tidligere sydd dette teppet med båter
til bruk på hytta, no er det ferdig quilta med fleece på baksida.
Kurslærer i helga er Marie Myklebust frå Gloppen.
Meiner å hugse at det er ei trivelig dame,
så eg gler meg til to flotte dager.


 

lørdag 14. september 2013

Quiltebil og drivhusmesse

 Kva dokke synes om denne da??

Vi i Nordfjord Lappe- og Quilteklubb 
har salgsutstilling under Eidamessa i drivhusa
til Hildenes Gartneri.
Då måtte vi ha eit blikkfang slik at folk vart 
oppmerksome på oss.
Ingun på Primula Design spurde meg om vi skulle 
dekorere ein bil med lapper, ja sa eg det går fint og 
tenkte leikebil!!! Etterkvart kom det fram at nei, 
ho mente vanleg bil.
Som sagt så gjort, Stårheim Bilverksted AS
stilte opp med bil og verkstedlokale for dekorasjon +
bergingsbil for å få den på plass ved drivhuset.
Gjett om vi hadde det moro:-)))




Nedenfor er bilder frå utstillinga i gartneriet.
I dag har der vore masse besøk i gartneriet,
sjølv om det har "pisseregna" heile dagen.
.
 Natronkakene som 
bakte tidligere fekk verkeleg bein å gå på.
Av 550 kaker var der eit par tre pakker igjen idag,
dei går nok imorgen under første timen med åpen messe