mandag 22. desember 2008

GOD JUL


I 28 år har vi feira jul heime, gjerne saman
med mine svigerforeldre, og ifjor hadde vi
besøk av barnebarn, svigerbarn og svigermor.
I år skal familien for første gang vere oppdelt,
så derfor reiser vi på hytta og feirer jula der.

Med denne blide nissefamilien
vil eg ønskje alle ei riktig GOD JUL


lørdag 20. desember 2008

Poser til pepperkakeformer





Desse er fine til pepperkakeformer, te-lys,
saker og ting eller.....
Kanskje det blir julegåver?




onsdag 17. desember 2008

Julebakst




Dette er siste julebaksten min for i år.
No har eg laga krumkaker og risboller, så da tenkjer
eg det for holde med kaker for denne gang.
Krumkakene lager eg etter ei gammal oppskrift
og er som følger:

  • 2 egg
  • 125 g sukker
  • 125 g smør/el margarin
  • 125 g hvetemel
  • 125 g petetmel
  • 1 dl vatn
  • 1 ts revet appelsinskall
Sukker og smør røres kvitt, tilsett eit egg om gangen
saman med dei andre ingrediensane.


Eg har fått spørsmål om oppskrifta på julepølsene
som eg viste i eit tidligare innlegg.
Eg har no kjøpt meg ny oppskriftsbok, og har som
mål etter jul å skrive dei oppskriftene som eg bruker
over i denne. Resten kaster eg, ingen vits i å samle
på masse som aldri blir brukt.
Her kjem iallefall den originale oppskrifta på Julepølser;
  • 1,0 kg storfe kjøtt (sort 2 / 14 %)
  • 1,0 kg svinekjøtt (sort 2 / 23%)
  • 3,5 kg storfe kjøtt ( sort 3 / 21%)
  • 0,5 kg spekk (småflesk)
  • 21 gr pepper
  • 6 gr ingefær
  • 3 gr nellik
  • 180 gr salt
til bindfarse brukes; 400 gr potetmel og 2 l vatn
Mal alt ein gong, og bland i krydder, potetmel og vatn.
La det gjerne stå til dagen etter før du lager pølsene.
Pølsene kan gjerne henge kaldt ein dag eller to før du frys dei,
men det er ikkje noko must.
Dampast i ca 45 min.
Stikk hull på dei med ei stoppenål,
så unngår ein at dei sprekk så lett.


lørdag 13. desember 2008

Julestrømpe og andre småting



På siste bygdekvinnemøte lærte vi filting.
Dette var jo kjempeenkelt og morsomt.
Opp i ei pepperkakeform la vi ull som vi stakk
nedi med ei filte nål. Under hadde vi ein svamp, slik
at vi ikkje skulle stikke ned i bordet.
På denne måten vart ulla tova ihop og vi kunne ta bort
forma og løyse hjertet frå svampen, så var det klart.
Eg har sydd på litt perler og figurer, for alle
desse småtinga skal/er sendt til ei lita
tulle på Mørekysten.


torsdag 11. desember 2008

Julepølser

Her er juleførebuingane i full gang.
I går kveld lagde Ingrid, Inger Lise og eg
pølser + sprut bakkels.
Dette var "vi tager hvad vi haver", så i pølsene
er der både storfe, svin og hjorte kjøtt.
Pølsene skal henge kjølig eit par dager, og så
er dei klar for bruk. Eg har dampa ei i dag,
og den smakte kjempegodt.


Eg brukte ei gamal oppskrift frå mor mi til
sprut bakkelsen, så desse vart skikkelig sprø.
Sprut bakkels:
4 egg
0,5 kg sukker
0,5 kg smør el. margarin
0,5 kg mjøl
0,5 kg potetmjøl
2 ts bakepulver
2 ts vaniljesukker

Rør smør og sukker kvitt. Tilsett eit egg av gangen.
Rør inn resten til ei fast fin deig. Sett i kjøleskapet
til neste dag. Steikast på 200 C i ca. 6-7 min.

søndag 7. desember 2008

Haust-teppe


Eg veit eg er litt treig, men no er iallefall
haust-teppet ferdig.
Det får henge i gangen ei lita stund til eg
bytter til eit teppe i julefargar siste helga før jul.
Teppet er laga i bargello og består av gamle
stoff som eg hadde i skuffene mine, + eit nytt som eg
fikk av mi kjære svigerinne når ho kom frå Madrid.
Tenk at eg fikk brukt noko gammalt, då kan eg med
godt samvit kjøpe nytt:-))

torsdag 4. desember 2008

Mat-tradisjoner


Sylteflesk høyrer jula til, og det har Sissel
og eg laga før jul i fleire år.
Av eit halvt grisehovud og ei tynnribbe får
eg 2 brødformer med sylteflesk.
Det vart vellukka i år også:-))



Ein ny mat-tradisjon er vasskringler.
Desse er mjuke og kjempegode.
Desse er Ingrid sin spesialitet og i år
var eg så heldig å få vere med og bake.
Ca: 190 kringler vart laga på ein føremiddag!
Eg har fått spørsmål om oppskrifta så her kjem den:
1,5 til 2 kg mjøl
150 gr smelta smør
1 l melk
0,5 l vatn
150 gr sukker
1 ts salt
2 pk gjær

Elt alt til ei god fast deig - hev godt.
Trill ut kringler og la dei heve ei stund til.
Bruk ikkje mjøl på bordet når du triller ut.
Steik dei gylne midt i ovnen 225 C
Kok opp vatn som du dypper kringlene i rett
etter steiking. Legg på rist til dei er tørre.
Smaker himmelsk med bare smør på eller litt ost.

onsdag 26. november 2008

Flatbrødbaking


Forrige kvelden var vi 3 veninner som møttes
og bakte flatbrød.

Deiga er ganske enkel:
fin sammalt hvete
havremel
lunka vatn
og
litt salt.

66 flatbrød vart baka på ei lita kveldsstund.




torsdag 20. november 2008

Adventskalender





Eg har sydd en adventkalender til barnebarnet.
No mangler bare pakkene, tenkte eg skulle henge
oppå nokre, og så kan foreldrene ordne med resten.

onsdag 19. november 2008

Lefser


I helga bakte vi Lefser.
Her på vestlandet er det en tradisjon å bake
lefser til jul.
Desse lefsene brukes til kaffi-mat og gjerne
med gombe til.

Her kjem oppskrifta:
200 g smør og 200 g sukker røres kvitt.
3 ss hornsalt røres ut i en halv kopp melk.
Alt has vekselvis i bollen sammen med
1 l. kefir og ca. 1,7 kg hvetemel.
Alt røres til en passelig deig.
Resten av melet av en 2-kg pose, brukes til
utbaking og til at deiga blir passeleg etter at en har
fått den på benken.
Deles i 22 leivar, og stekes på takke.

Til å smørje lefsene med:
500 g Melange margarin
200 g melis
1 ss sukker
1 ts vaniljesukker
Alt røres kvitt.
Heilt tilslutt bland i 1 ss rømme.

Lefsene er nydelige:-)))


onsdag 12. november 2008

Og så kom vi opp i snøen...


......og det hadde eg ikkje tenkt på!
Eg hadde på meg lave fjellsko, ikkje egna til
å vade i snø med.
Ei veninne og eg gjekk på Trollvassnykjen som
ligg på grensa mellom Sogn og Fjordane/Møre og Romsdal.
Fjellet er 985 m høgt, og klart der låg snø!
Men turen var kjempefin den, det vart jo reine
påskestemninga med snø, sol og blikkstille så høgt oppe.

Her er vi på veg ned igjen og
det var fleire enn oss som var på tur..

..Mikkel Rev hadde nok gått rett framfor oss
for sporene var heilt ferske.
Kanskje han satt bak en stein og titta på oss?

søndag 2. november 2008

Høstløper


Som sagt, det var morsomt å bruke
blokka "delt 9-er blokk".
Her er en løper med rektangler.
Forøvrig har vi et nydelig høstvær nå,
så idag har eg raka løv og gått meg en fjelltur.
Godt med en fridag iblant:-)
(Ps. klikk på bildet for å sjå løperen i større format)

lørdag 1. november 2008

Etter stormen




Forrige helg hadde vi en liten orkan
(vindstyrke 42 m/sek!) her i Nordfjord.
Desse bildene er tatt dagen etter nedanfor hytta.
Desverre er det ikkje eg som greier å ta slike
blinkskudd, fotografen er en av mine kjære brødre!

tirsdag 28. oktober 2008

Teppe i delt 9-er blokk



Sist vi var på møte i quilteklubben viste
Ingun frå Primula et teppe ho hadde sydd
i teknikken delt 9-er blokk.
Det inspirerte meg til å prøve denne blokka.
Dette teppet består av en blanding av gamle
bomulls- gardiner og nye stoff.
Teppet er 130 x 80 cm og passer til ei barneseng.
Forøvrig var dette en enkel og morsom teknikk,
som eg heilt sikkert kjem til å sy mer i.

onsdag 15. oktober 2008

Fargene forteller og hardangersøm



Tirsdag kveld og bygdekvinnelagsmøte.
Eg er medlem i det lokale bygdekvinnelaget og
vi møtes en gang i måneden.
Nå holder vi på med kurs i fargelære.
Dette er en studiering med innsendingsoppgaver.
Vi lærer nå å kartlegge mennesketypenes
særegenheter etter hva slags farge en er.
Ganske spennende lesing, og noe kjenner en seg
igjen i også.

Eg har aldri sydd hardangersøm, og noen behøvde
et oppfriskningskurs, så nå er vi igang med
hardangersøm også. Lurer på kva eg tenker på
(eller med) som begynner på enda et nytt prosjekt:-)
Og dette skal det klippes i og, etter at vi har sydd.
Tror ikkje eg kjem til å tørre det da!
Vi får håpe det ikkje lander i UFO-haugen.


Kaffi og litt å bite i må vi ha på desse møtene.
Her er det Asbjørg som har laga nydelig
svissrull med friske bær til pynt.
Kjempegodt....