mandag 29. mars 2010

Tovekurs


I bygdekvinnelaget har vi hatt kurs for å lære
å tove ull. Vi skulle lage kvart vårt sitte-underlag.
Slik vart mitt, litt rufset i kantane, men pus
Pernille forstod iallefall kva det skulle brukast til.



Og alle vart heilt forskjellige...


Dette er før vi begynner å tove. Her er
ulla lagt ut i 3 lag + mønster på toppen.


Vi tova med å gni grønsåpe ned i for hand,
og deretter brukte vi ei bast-gardin for å knekke
ut vatnet. Det var i grunnen mykje arbeid på eit
enkelt sitte-underlag, men og kjekt.

Det går fint å lage ei barnevogn,
særleg når ein skal bli bestemor for første gang.



Det var eit kjempe-trivelig kurs med
kursleiar Ruth Sunde frå Nordfjordeid.

Og så vil eg ønske alle ei riktig GOD PÅSKE:-)))

tirsdag 16. mars 2010

Vår i sikte


Sjå kva eg fann idag......
under eit grantre var der små spirer av snøklokker,
og rundt om er der nesten ein meter snø på flat mark.
På nytt har det lava ned med snø, men no er
det altså håp om vår i år og.

mandag 8. mars 2010

Smarta remsor og fiffiga triangler


Nok eit herleg helgekurs!
Denne gang med Mia Øberg frå Sverige.
Det var tredje gangen Mia kom til
Nordfjordeid for å holde kurs for oss,
og denne gangen var temaet
"Smarta remsor og fiffiga triangler"
Og gjett om det innfridde:-))))
Mia er jo heilt herleg og det er jettekult å gå
på kurs med henne.


Denne gangen lærte vi utallige kombinasjonar
av sammensydde remser.
Morsomt og genialt.



Mia har tidligere holdt kurs i Mended Heart for oss


og ho lager mønster som er til salgs i butikken hennar
Link her: Mias Quiltbod


Dette er Mias tepper.


Eg lagde ein grønn og ein orange løper,
uvanlege farger for meg, men morsomt å prøve noko nytt.
Og så kom eg så langt på kurset at dei er klar til quilting,
så kanskje desse blir klar innen rimelig tid:-)