Viser innlegg med etiketten Strikking. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Strikking. Vis alle innlegg

mandag 4. mai 2009

Votter og vår

Ein kollega av meg på jobb har kjøpt desse vottane.
Dei er strikka i alpakka-ull og kjentes heilt nydelig på.
Sjå kor detaljrike dei er, her er det verkelig snakk
om tålmodighetsarbeid.




Eg kan ikkje dy meg, men må legge inn nokre hagebilder også.
TT, det ser ut som vi får kirsebær i år og......



Ved hytta blomstrar kusymra i rikt monn,


og denne nordiske orkideen veks vilt ute ved kysten.

fredag 11. juli 2008

Kåpe til prinsessa vår



Denne kåpa har eg strikka til barnebarnet.
Det har tatt litt tid, for senebetennelsen i armen
har vore lei denne gangen.
Heldigvis var kåpa godt stor, slik at ho kan
bruke den til hausten.
Mønsteret fikk eg frå Blåbertua
Igjen tusen takk.

torsdag 21. februar 2008

Tøfler


Desse nydelege, varme tøflane fikk eg med
Berit og Kirsti som titta innom meg på jobben.
Tusen takk, dei var kjempegode:-))))))

søndag 17. februar 2008

Snøprinsesse


Dette mønsteret fikk eg frå Blåbærtua
Tusen takk:-))
Det har lagt ei stund før eg kunne begynne å strikke,
sidan senebetennelsen min har blomstra i det siste.
No har eg i allefall fått lagt opp og eg er begynt på mønsteret.
Dette skal bli spennande.

onsdag 21. november 2007

Tøfler til barnebarnet


Desse tøflane/lestene strikka eg til Elise Marie
i Fritidsgarn og tova dei i vaskemaskina med Milo.
Dei vart kjempevarme og er gode til å bruke i bilstolen
og når ho er ute på trilletur.
Enkelt og raskt å lage.

These slippers I made for my grandchild.
They are easy to knit and very warm to small foots.

mandag 5. november 2007

Baby-lester


Det er blitt nokre par med baby-lester i år.
Nokre er til barne-barnet, mens andre er gåver
til mi dotter sine veninner.
Desse er enkle og raske å lage.

tirsdag 12. juni 2007

Garnmysteriet


Her er mitt bidrag til Garnmysteriet.
Resultatet vart ei handarbeidskurv.
Eg brukte ein del restegarn, og ser
no at ikkje alt garnet gjekk å tove.
Synest det var kjekt å vere med,
og melder meg nok på ein annen gang og.

This is my contribution to the
"Knitting-mystery"
It became a basket for knittings.


mandag 7. mai 2007

Babylester


Idag har eg strikka ferdig
to par baby-lester. Dattera mi har
mange veninner som er i den
produktive alderen, så no må
eg strikke lester til alle hennar
veninner som får baby.
Her er nokre til å begynne med, og desse
skal sendes i brev imorgen,
men eg må visst vere rask med
to par til!
Dette er bare moro, og eg er glad eg får
vere med og dele gleda.

mandag 16. april 2007

Baby-born dukke



Heldig den oldemora som vann
ei baby-born dukke med klær og utstyr,
og som også har ei 14 dagar gammal
prinsesse å gje det til!
Eg som mormor kan bare gle meg:-))

lørdag 7. april 2007

Lester i Opal


Lestene er strikka i Opal. Dette er eit tynt mjukt ullgarn, kjøpt
på En Rød Tråd, Nordfjordeid. Vi er så heldige på Nordfjordeid
at vi har fleire handarbeidsbutikker, to som sel stoff og utstyr til
lappeteknikk, og tre andre som sel garn og hobbyartikler.

torsdag 5. april 2007

Babyteppe i ull


Vi var så heldige å bli besteforeldre
i forrige veke, og lisjenurket må jo få litt av kvart.
Dette babyteppet er strikka av
Bjørnegarn som er eit 2-tråds lanolingarn
i 100% ull. Garnet er kjøpt hos Reidun Strand
på Eid Miljø, Nordfjordeid.