Viser innlegg med etiketten Hytte. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hytte. Vis alle innlegg

søndag 8. februar 2009

Vinterstemning ved havet





Eg var på hytta i helga og tok nokre bilder.
Slik kan også storhavet sjå ut ein vinterdag i februar.
(klikk på bilda for stort format)

mandag 11. august 2008

Glimt frå hytta innvendig


Her kjem nokre bilder frå hytta vår innvendig.
Denne senga stod bortgøymt i eit vedskjul.
Den er laga av onkelen til mi svigermor
(svigermor er 85 år).
Vi (les: min kjære mann) har slipt (og slipt...og slipt),
og lakka/beisa den igjen.
Senga var innsett med linolje eller noko liknande
som var umulig å få skikkelig av, derfor tok vi den
fargen som var nærast originalen og lakka den oppatt.
Senga er bare 175 cm lang så madrass måtte spesial-bestillast.

Åkleet er vevd av mor mi på 1970- talet.
Endeleg fekk eg bruke det sånn som det var tenkt.



Dette biletet hang i min barndomsheim.
Som de forstår var far min fiskar.
Glimt frå soverommet nede,
Bilde og interiør er kjøpt hos Primula på Nordfjordeid.

Golvteppa har lagt på loftet i mange år.
Dei er vevd i rosengang på 1970 talet av mor mi.


Eg har pussa opp igjen både kommodar og
senger. Denne kommoden var opprinneleg i teak,
deretter kvit med rosa skuffer då dottera var lita jente.
No vart den riktig så fin i heil-kvitt.




Denne engelen titter på oss på soverommet vårt.


Gardinene på soveromma var ei utfordring,
men synest i grunnen dette vart praktisk og fint.
Vindauga er så fine at eg kan ikkje gøyme dei
under gardiner.


Spisekroken vår på kjøkkenet.
Her nyt vi frukosten, når vi ikkje kan sitje ute.



Ved havet må vi ha det maritimt.
Eg hadde ei borde med flygande gjess etter
eit anna prosjekt, sett saman slik med applikerte måsar,
vart det eit fint lite bilete.



mandag 28. juli 2008

Fantastisk helg



Vi har hatt ei fantastisk helg på hytta.
Strålande sol, oppunder 30 C varme som
er sjeldan på kysten-


-og bading når det nærmar seg midnatt.


Dette var utsikta mi frå hytta måndags morgen.
En polsk fullriggar Dar Mlodziezy som deltar
www.tallshipsrace.no ,
låg i ro rett utafor stoveglaset mitt.
Vakkert:-)))

torsdag 27. mars 2008

Påska 2008


Her er nokre stemningsbilder frå mi påske.
Den vart brukt til å jobbe på hytta, med god
hjelp frå bror og svigerinne.

onsdag 5. mars 2008

Hytta ved havet


No har vi fått ned stillaset på 3 sider av hytta, så
no er det litt betre å sjå korleis dette blir.
Til våren har vi tenkt å beise hytta grå med havblå lister.


Det går framover innvendig også, og no har vi
fått opp trappa til loftet. Den var god å gå i :-)))



Nedanfor hytta buldrar båra no og til tider er havet røft.
Om sommaren er det sandstrand her som
båra bryt no. På vinterstid tek havet med seg sanden
frå stranda, slik at der kjem fram mange store steiner,
og når sommaren kjem legg sanden seg fint på plass igjen.


Posted by Picasa

søndag 28. oktober 2007

Hytta ved havet














































Det går fort framover (takka vere 2 av brødrene mine + min kjære mann),
sjølv om vi byggjer bare på kveldstid og laurdagar.
No er pipa komt gjennom taket og skifer-steinen
er nesten ferdiglagt på eine sida.
I dag var der eit ruske ver ute og sjøen slukte heile sandstranda.

It goes straight ahead with the cottage building.
Here is some pictures. It was just a rough weater today.



søndag 21. oktober 2007

Hytta ved havet



Her er nokre bilder frå hytteprosjektet vårt.
No er vindauga komne i og vi held på å bordkle.

Here are some pictures from the cottage which
we are building.

søndag 30. september 2007

Hytta


Her er bilete av hytta under bygging.
Vi er klar til å bordkle, montere vindu og dører,
og legge på takstein. Det går kjapt framover:-))
Til høgre for hytta ligg sandstranda.

søndag 23. september 2007

Hytta ved havet



Det går framover med hytta vår.
Vi har fått tak i eit gammalt skifertak og alle
hellene må sorterast både i tjukkelse og
kva som kan brukast. Passeleg jobb for mor:-)

A picture from the cottage which we are building.
It goes forward:-)

onsdag 19. september 2007

Utsikt frå hyttetomta

Posted by Picasa
Slik er utsikta frå hyttetomta når nordvesten
står på og båra bryt.

View from the cottage in a rough weather.

søndag 5. august 2007

Hytteoppdatering


No er vi begynt å sette opp hytta!
Laurdag starta dagen med regn og liten
storm ved Stadt. Eit skikkelig møkkaveir.
Ut på dagen kom sola
fram og det vart god sommertemperatur,
så etter kvart kunne ein kaste regnkleda
og jobbe i t-skjorta.
På ein dag vart vi ferdige med
reisverket, og ventar no på takstolane.
Godt å vere ferdig med grunnarbeidet:-)

We are starting to build the cottage.
Saturday began with rain and stormy weather,
but after a while the sun came and it
turn out to be a lovely summerday.
It`s good to be finish with the groundwork,
and starting to do something we can look at.

Kvelds-stemning frå hyttetomta.

Wiev in the evening from the cottage-site



søndag 6. mai 2007

mandag 9. april 2007

Utsikt


Og her er eit bilde tatt tidligere
i vinter. Slik er det når båra bryt.