onsdag 28. november 2007

UFO


I dag har eg dukka ned i UFO-eska.
Har greidd å få ferdig 4- fire - ting som har lagt der og
mangla eit glidelås her og ein lukkekant der.
Er ganske fornøgd med meg sjølv, kanskje noko av det blir julegåver.


fredag 23. november 2007

Adventsløper

Er begynt å forstå at det snart er advent igjen.
Er ikkje lenge sidan sist!
Her er ein løpar som eg sydde i fjor, eller var det året før.....?

I alle fall eg ønsker alle ei riktig god helg:-))))

onsdag 21. november 2007

Tøfler til barnebarnet


Desse tøflane/lestene strikka eg til Elise Marie
i Fritidsgarn og tova dei i vaskemaskina med Milo.
Dei vart kjempevarme og er gode til å bruke i bilstolen
og når ho er ute på trilletur.
Enkelt og raskt å lage.

These slippers I made for my grandchild.
They are easy to knit and very warm to small foots.

søndag 18. november 2007

Dear Jane


Denne veka har det blitt lite tid til blogging
då barnebarnet har vore på besøk , og
dessutan har skjermen på datamaskina svikta meg.
Så snart som eg har slått den på, har den gått i svart,
men nå virker den igjen for ei lita stund.....forstå det
den som kan! I allefall konklusjonen er at mor bør få
ny flatskjerm til dataen til jul:-)

Her er fellesprosjektet vårt Dear Jane, det består no
av vel 80 blokker, og eg reknar med at det kjem fleire
på desember-møtet. Planen er å sy tepper som skal brukast
til utlodding på regionstreffet 30. mars (mrk. datoen) neste år.


No er vi snart ferdige med hytte-taket.
Der er lagt dråpeforma skifer, det er ein kjempejobb
som brødrene mine har gjort på kveldstid og nokre
laurdagar. Dyktige karar!

mandag 5. november 2007

Sko-pose



Denne er laga etter AnnAKa sitt mønster og er
ei gebursdagsgåve til ei veninne.
Oppi putta eg ein pakke med fine serviettar
og matchande kubbelys.
Kjekt å kunne gje frå seg noko heimelaga:-)

Baby-lester


Det er blitt nokre par med baby-lester i år.
Nokre er til barne-barnet, mens andre er gåver
til mi dotter sine veninner.
Desse er enkle og raske å lage.

lørdag 3. november 2007

You Make Me Smile Award











Eg har fått denne prisen av annischoice.blogspot.com
Tusen takk til henne.
No er det meininga at eg skal gje denne prisen vidare
til 10 andre, men der er så mange flotte bloggar at eg
greier ikkje å bestemme meg. Derfor sender eg denne
som ei helsing til alle flotte og kreative handarbeidsdamer,
som bruker timer av si tid til å inspirere oss andre.

torsdag 1. november 2007

Baby-symjing


I dag har eg vore på baby-symjing med barne-barnet.
Det var ei oppleving.....
Her er vi under vatnet, ho med augene opne og heilt med,
at mormor hadde briller på var visst det raraste.

Today I have visit my daughter and grand-daughter,
and we were in the swimming-hall.
It´s amazing to see the little girl in the water,
how she enjoy it and has no fear to dive.