
Viser innlegg med etiketten Fjellturer. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Fjellturer. Vis alle innlegg
mandag 11. oktober 2010
mandag 21. desember 2009
Juletrehenting
I juletreskogen siste søndag før jul.
Desse trea var nok i største laget.
Dette er på fjellet heilt ut mot havet og det er
svært sjelden der er så pass med snø.
Lille frøken Amanda fikk sitt eget lille juletre
Med desse bilda i vinterlandskap vil
eg ønske alle ei riktig God Jul
torsdag 27. august 2009
Høvringen
I helga var eg på Høvringen saman medbarndomsveninner.
Vi hadde ei fantastisk lang-helg med nydeleg ver
og laaange fjellturer.
Her er nokre av oss som gjekk lørdag, først over fjellet til
Putten Seter og derfra til Formokampen nesten 1500m høgt.
Flott tur på vel 6 timer.
Vi var litt for tidlig på året til at haustfargane var komt i fjellet,no var der eit teppe av nydeleg kvit reinlav.

Fredag gjekk vi til Peer Gynt hytta.
Der er mange små hytter som er laga kun av
skiferstein frå området.
Den dagen vi var der var hytta stengt, men i helgane
blir der servert rømmevafler.
søndag 26. juli 2009
Tur til Vulu-dalen
onsdag 27. mai 2009
Tur til Furefjerding

Vi i bygdekvinnelaget var på tur til Furefjerding igår.
Høgt, høgt over Nordfjorden.
Vi tok av frå hovudvegen og kjørte 2,5 km rett oppover,
deretter gjekk vi vel ein kilometer.
Der ligg to gardar, den eine bur der folk i, mens
denne var fråflytta for bare nokre få år sidan.
Her budde eit par, hus lade og fjøs til sauene i same bygning.
Der er ikkje vei bort, så alt måtte fraktast med taubane eller berast.
Straum hadde dei kun dei par siste åra dei budde der.
For oss materialistane er det vanskeleg å tenke oss
tilbake til eit slikt liv, men dei hadde kvarandre, frihet
og heilt sikkert eit godt liv.

Blomsterpotta stod fortsatt i vindauget.
mandag 27. april 2009
tirsdag 14. april 2009
Fotokurs
I fjor fekk eg nytt digitalt speilreflekskamera i gåve,
men kva alt betyr og korleis det skal brukast
er nærast gresk for meg.
Eg har vore på ein kurskveld og alt
er fortsatt særdeles uklart!
Iallefall har eg tatt nokre bilder no i påska,
bak hytta. Fjellet er vel 300 m høgt og på
bildet ser ein stor havet i bakgrunnen.
Slik kan vi sjå sola frå hytta når der er fine kvelder,
heilt fram til midten av september.
frå eldre tider, denne var heilt rett. Ingen stein stakk framom.
onsdag 12. november 2008
Og så kom vi opp i snøen...

......og det hadde eg ikkje tenkt på!
Eg hadde på meg lave fjellsko, ikkje egna til
å vade i snø med.
Ei veninne og eg gjekk på Trollvassnykjen som
ligg på grensa mellom Sogn og Fjordane/Møre og Romsdal.
Fjellet er 985 m høgt, og klart der låg snø!
Men turen var kjempefin den, det vart jo reine
påskestemninga med snø, sol og blikkstille så høgt oppe.
torsdag 1. mai 2008
Havblikk
søndag 20. mai 2007
Fjelltur 15.05.07
Sjølv om veiret var begredeligtysdag 15. mai, vart det likevel fjelltur.
Denne gongen gjekk turen til Veten
på sørsida av Nordfjorden.
Som vanlig letta det opp når vi er ute
og går tur, men snøbyga såg vi komme
grå og tjukk ut i fjorden.
Det var ei fantastisk utsikt frå
Veten, så eg trur turen må gjerast omatt
i betre veir.
Neste tur blir til Sethaugen på Stårheim.
Velkomen alle som vil vere med!
onsdag 25. april 2007
Tur vest i havet
tirsdag 17. april 2007
Fjelltur
Abonner på:
Innlegg (Atom)












