
Denne veka har eg virkelig kjent meg som Rockin`Girl.
Min son på 18 år reiste på ferie saman med fleire kameratar, og då måtte han sjølvsagt låne mamma sin bil, derfor har eg denne veka køyrt rundt i ungdomsbil. Det er full guffe med Smokie på stereo-anlegget frå ørten høgtalarar, wonderbaum og solbriller i frontruta, blå lys inne i bilen når eg starter opp, og eg nesten ligg og køyrer.
Mor har då fått retta setet, skrudd ned lyden, men eg har enda ikkje funne ut korleis eg kan skifte Cd eller slå av dei blå lysa.
Det er igrunnen artig å høyre at det er samme musikken vi lytta til i vår ungdom, som våre born no spelar på full guffe, men sjølvsagt med mykje bedre lydkvalitet. Eg hugsar tilbake til min første kasettspelar, stor og uveida var den og dyr i forhold til lønn, men kor kry eg var når eg hadde kjøpt den sjølv etter min første sommarjobb som fiskebudarbeidar.
Kr 11,20 var timesbetalinga då på -70 talet, og kassettspelaren kosta rundt 1200 kr. Eit stort innhogg i lønningsposen i dei dager, ja eg fikk lønningspose med klingande mynt.
No er eg visst i det nostalgiske hjørnet, for kan de minnast dei første mobiltelefonane? Store som ein liten stresskuffert og prisen var vel rundt femogtjuetusen eller deromkring, no får vi dei for ei krone og dei er så små at vi må bruke tannpirker på tastane. I forhold til arbeidstid og timesbetaling er elektriske artiklar rimelige, kanskje alt for billig, det blir bruk og kast som igjen ikkje er bra for miljøet, og .... nei, no pratar eg meg vekk, tilbake til saken:
Eg skulle nominere 5 nye til Rockin`Girl Blogger;
Strikkemor(o) -
hildebjorg.blogspot.com----utrulig fart på både heklekroken og strikkepinnane
Tina`s blog -
tina-tina-tina.blogspot.com----nydelige blomsterbilder og quiltearbeid
Sol -
mykindofblog.blogspot.com----for at ho deler tanker og vestlandsbilder i regnveir med oss
Simonetta -
myquiltdream.blogspot.com----sjarmerande italiensk dame
Tojas puslerier -
blogg.hobbyboden.com/toja/----kreativ dame med mange handarbeidsprosjekt
-----
This week I have felt like a Rockin`Girl.
My son 18 years old, has use my car on his vacation, and I have his car.
I just felt I was 18 again, with loud music from several loudspeakers and Smokie in the
CD-player, blue lights in the car and wonderbaum hanging from the mirror.
I remember the first time I bought a casett-player, it was in the seventies and it costs
a lot of money. At that time we also listening to Smokie.
It`s funny that our children just like the same music.
I have nominated this lovely blogs to be a Rockin`Girl Blogger,
I hope they will enjoy it.