Alle desse løperene og veggteppet er laga med
X-block linjalen.
Eg gjekk eit kurs med Siv på Lappestua, Nordfjordeid,
og vart inspirert til å bruke denne linjalen.
Den kan virkelig anbefalast, for der er utallige muligheter
og mønster til å sy mykje spennande.
Eg har 7,5" linjalen.
Denne går det fort å sy med, men ein må tenke litt
når blokkene skal syast før skjering.
Dette veggteppet skal henge på soverommet vårt.
Fargene vart litt dårlege på bildet, men
det er laga med duse rosa, grønne, blå og gråfarger.
.....og så har vi linselusa pus Pernille, som kjem med ein gong
eg legg noko ned på gulvet for å ta bilde, klippe eller sette i nåler.