mandag 29. oktober 2007


Når hausten kjem må bargello-teppet
på plass på kjøkkenet.
Vi treng litt fargar no når det er mørkt
både til og frå jobb.
Fint å sette seg ned om kvelden med eit handarbeid
og ein god kopp te.


søndag 28. oktober 2007

Hytta ved havet














































Det går fort framover (takka vere 2 av brødrene mine + min kjære mann),
sjølv om vi byggjer bare på kveldstid og laurdagar.
No er pipa komt gjennom taket og skifer-steinen
er nesten ferdiglagt på eine sida.
I dag var der eit ruske ver ute og sjøen slukte heile sandstranda.

It goes straight ahead with the cottage building.
Here is some pictures. It was just a rough weater today.



torsdag 25. oktober 2007

Bøker




















For tida blir det ikkje så mykje sying
eller anna handarbeid.
Det går i jobb, møter, hyttebygging
og så er eg begynt å male taket i
utleigeleiligheta vår.
Og når ein først begynner, så hadde det
jo vore fint med nytt tapet på veggane og.....
I alle fall... lese må eg.
No er eg nettopp ferdig med ei lita underfundig
bok av Unni Lindell og
Snømannen av Jon Nesbø.
Jo Nesbø skriv knakande god krim og det var denne boka og,
sjølv om eg knekte koden ganske tidleg (for ein gongs skuld).
Eg er no begynt på boka om Sylvia frå Elm Creek Manor.
Den eg kjøpte består av 3 bøker i ei og er tjukk som ein murstein,
men boka er heldigvis lettlest.





















mandag 22. oktober 2007

Slumretepper


Dette er sydd av bare små restebiter.





Dette er sydd av enkle biter 7x7 cm.
Ingen av dei farga bitane er like.
Teppa er så store at dei går godt under beina
og opp under øyra, når ein skal sove middag:-))

Some of my older quilts.
The first one is sewed only of little leftovers.
The last one is made of bits 7x7 cm and none of
the colored fabric are equal.



Fargane blir ikkje heilt riktige her.
Alle teppa har fleece på baksida,
så dei er lune og gode.

søndag 21. oktober 2007

Hytta ved havet



Her er nokre bilder frå hytteprosjektet vårt.
No er vindauga komne i og vi held på å bordkle.

Here are some pictures from the cottage which
we are building.

torsdag 18. oktober 2007

"Pengegaloppen"


Dette bildet sydde eg under Vestlandstreff i Bergen.
Eg gjekk på eit kurs med Astrid Eng, og ho kalte teppet
for "Pengegaloppen".
Teppet skal symbolisere Bergen med paraplyar, Fløybanen,
fjella rundt Bergen, blomsterpaviljonen
og gullpenger fordi Bergen er ein handelsstad.
Vi brukte ulike teknikkar som var ukjende for meg,
så eg hadde godt utbytte av kurset.


søndag 14. oktober 2007

Barnebarn/Grandchild


Denne veka har vi hatt besøk av barnebarnet og mammaen.
Lille Elise Marie er blitt 6 mnd., er ho ikkje nydelig vel??

This is my beautiful grandchild Elise Marie 6 month old.

Vestlandstreff i Bergen



Forrige helg var vi til Bergen på Vestlandstreff.
Det var ei kjekk helg. Vi hadde god tid til å rusle
i byen på fredag, og var så heldige å få oppleve
sol og flott haustver i byen.
Vi tok turen opp på Fløien og "Blåmann" frakta
oss trygt og sikkert både opp og ned.
Bryggen og fisketorget er eit must når ein er på bytur,
og vi fikk også med oss ei utstilling om Oleana.
Her var det mykje lekkert.

Last week-end we were in Bergen at "Vestlandstreff".
Bergen is a beautiful town with many old houses.
We also visit a exhibition about Oleana.
This is Norwegians knit-wear in a new design.