mandag 25. august 2008

Vognteppe til dukka



Så har eg vært på loftet og henta dukke-vogna
etter dattera vår.
Den trengte både ny dyne, pute og madrass,
og selvfølgelig måtte mormor lage vognteppe.


Har en fått vogn, må det og trilles:-)

Har du det bra ned i der? Sover du?

tirsdag 19. august 2008

Elm Creek Quilts

Eg har blitt hekta på desse bøkene,
og bestiller dei gjennom amazon.com
Det tar 14 dager til 3 veker så har eg dei
i postkassa mi, og sjølv om eg betaler frakt frå
Amerika, blir det mykje billigare enn om eg skulle kjøpt
tilsvarande bøker her.
Boka ovanfor er tjukk som ein murstein og inneheld
bok nr 4 The Runaway Quilt, nr 5 The Quilter´s Legacy
og nr 6 The Master Quilter. Pris; Nkr 158,- inkl. frakt!


Desse 4 bøkene nr 7, 8, 9 og 10 kom
på litt under 250,- Nkr inkl. frakt.
Det er freistande å kjøpe mønster til
dei flotte quiltane som blir omtala i bøkene,
det blir vel kanskje neste prosjekt...
Her er meir om bøker osv..:
Jennifer Chiaverini

lørdag 16. august 2008

Plommer frå hagen



Eg måtte bare...
Plommene i hagen er ikkje heilt modna enda,
sjølv om vi kan finne ei og anna som er bra.
Desse lyste mot meg og eg måtte bare plukke dei.
Eg trur det er Opal-plommer, men iallefall, dei er
garantert uten sprøytemiddel.
Og dei smakte nydeleg....

mandag 11. august 2008

Glimt frå hytta innvendig


Her kjem nokre bilder frå hytta vår innvendig.
Denne senga stod bortgøymt i eit vedskjul.
Den er laga av onkelen til mi svigermor
(svigermor er 85 år).
Vi (les: min kjære mann) har slipt (og slipt...og slipt),
og lakka/beisa den igjen.
Senga var innsett med linolje eller noko liknande
som var umulig å få skikkelig av, derfor tok vi den
fargen som var nærast originalen og lakka den oppatt.
Senga er bare 175 cm lang så madrass måtte spesial-bestillast.

Åkleet er vevd av mor mi på 1970- talet.
Endeleg fekk eg bruke det sånn som det var tenkt.



Dette biletet hang i min barndomsheim.
Som de forstår var far min fiskar.
Glimt frå soverommet nede,
Bilde og interiør er kjøpt hos Primula på Nordfjordeid.

Golvteppa har lagt på loftet i mange år.
Dei er vevd i rosengang på 1970 talet av mor mi.


Eg har pussa opp igjen både kommodar og
senger. Denne kommoden var opprinneleg i teak,
deretter kvit med rosa skuffer då dottera var lita jente.
No vart den riktig så fin i heil-kvitt.




Denne engelen titter på oss på soverommet vårt.


Gardinene på soveromma var ei utfordring,
men synest i grunnen dette vart praktisk og fint.
Vindauga er så fine at eg kan ikkje gøyme dei
under gardiner.


Spisekroken vår på kjøkkenet.
Her nyt vi frukosten, når vi ikkje kan sitje ute.



Ved havet må vi ha det maritimt.
Eg hadde ei borde med flygande gjess etter
eit anna prosjekt, sett saman slik med applikerte måsar,
vart det eit fint lite bilete.



søndag 3. august 2008

Tall ships races






Tall ships races med lille Måløy som hovudhamn,
har vore som eit eventyr denne helga.
Gatene har vore fulle av folk, og med
underhaldning nesten på kvart gatehjørne.
Dette er nærbilete av båten "vår", den som
låg utanfor hytta i fleire dagar.
Det er litt størrelse på båtane når ein kjem nær.


.. og denne russiske båten MIR var son min
på 19 år "liaison" for. Han var då bindeleddet mellom
kaptein, mannskap og ansvarlege på land.