torsdag 23. februar 2012

Inn i mi syverd



Velkommen inn i mi syverd.

Eg har da dykka ned i rotet på syrommet og
gjort et tappert forsøk på å rydde:-)
Det vart ganske så bra, iallefall i mine auge.
Eg fann igjen sybordet, og
symaskina stod faktisk på samme plass!

Pus er selvfølgelig alltid midtpunktet når her ikkje
er barnebarn på besøk, i så fall flykter katta ut,
alt for nifst med små raske føtter.


Desse eskene var fulle av rester,
no er dei også rydda.


Det blir aldri nok sybøker.....
eller quilteblad....


Litt tråd må til, har nok litt meir på lager....


- og så begynte eg å skjere opp alle bitene som dukka opp
i poser og bokser, slike som var
lagt til sides til applikasjon og påkommende tilfeller,
-det vart ein full isboks med 1,5" striper,
og bokser med 2", 2,5" og 3".
En del gjekk i søppelet, det er visst ingen grenser for
det som en gang kan komme til nytte, men no kneip
eg igjen augene og gjekk på med hard hand.


Ellers dukka det opp diverse UFO-er.
Denne mangla bare kanten rundt og lukkekant,
så den var rask å få ferdig. Kvifor den har lagt i
2-3-4-år veit ikkje eg, får sjå om der blir
fleire som blir ferdige etterkvart.....




tirsdag 14. februar 2012

St. Valentines Day


Denne løperen begynte eg på før jul.
No synes eg den passet bedre til Valentines-dagen,
så da måtte eg sy på lukkekanten og gjere den ferdig igår kveld.
Løperen er stor og passer til eit stort spisebord.





Har tenkt på kva vi kallar denne dagen,
og kjem ikkje på noko anna enn Valentines-dagen.

I Sverige blir denne dagen kalt for Alla Hjärtens Dag,
dette synes eg var eit flott navn.

Har vi noko norsk namn på denne dagen?

fredag 10. februar 2012

Salg hos Primula Design


I dag var eg på salg hos Ingun på Primula
Ho hadde laga til halve butikken med fantasipriser,
200,- kr for ein pose flotte stoff, eller 30,- og 40,- kr meteren.
Her er nokre av kuppa mine idag;
alle desse stoffa for ca 500,- kr



5 mønster for ein hundrelapp;


50,- kr for ei flott lykt;


og kr 30,- for ein tøff te-boks.

Kjempemorsomt med slike sjokksalg til eventyrpriser,
takk til Ingun og Sølvi for ei morsom stund.