onsdag 31. desember 2014

Godt Nytt År


I bygda vår er det tradisjon å gå "julebukk"
på nyttårsafta, og i kveld har vi hatt besøk av fleire
små bukker. 
For nokre år sidan gjekk mange voksne også julebukk,
men det har minka i den seinare tid.
Her er det barnebarna som er kledd ut og skal ut på tur.
(Jammen fann vi masker på loftet frå den tid våre barn var små!)
For Elise Marie og Nikolai var dette spennande og nytt, 
då dei ikkje har denne tradisjonen i deira bygd.  
Godt nytt år:-)