Denne senga stod bortgøymt i eit vedskjul.
Den er laga av onkelen til mi svigermor
(svigermor er 85 år).
Vi (les: min kjære mann) har slipt (og slipt...og slipt),
og lakka/beisa den igjen.
Senga var innsett med linolje eller noko liknande
som var umulig å få skikkelig av, derfor tok vi den
fargen som var nærast originalen og lakka den oppatt.
Senga er bare 175 cm lang så madrass måtte spesial-bestillast.
Åkleet er vevd av mor mi på 1970- talet.
Endeleg fekk eg bruke det sånn som det var tenkt.
Dette biletet hang i min barndomsheim.
Som de forstår var far min fiskar.
Bilde og interiør er kjøpt hos Primula på Nordfjordeid.
Eg har pussa opp igjen både kommodar og
senger. Denne kommoden var opprinneleg i teak,
deretter kvit med rosa skuffer då dottera var lita jente.
No vart den riktig så fin i heil-kvitt.
Gardinene på soveromma var ei utfordring,
men synest i grunnen dette vart praktisk og fint.
Vindauga er så fine at eg kan ikkje gøyme dei
under gardiner.
Ved havet må vi ha det maritimt.
Eg hadde ei borde med flygande gjess etter
eit anna prosjekt, sett saman slik med applikerte måsar,
vart det eit fint lite bilete.


